Hopp til innhold

– For ei opning på årets Eliteserie!

Eliteserien blei opna med eit smell 22 minutt ut i årets første seriekamp. Dei resterande minutta blei eit endelaust sjansekøyr mot Vålerenga-målet.

Forren-frispark

Vegard Forren scora årets første eliteseriemål 22 minutt ut i kampen mot Vålerenga. Med strak rist banka han ballen i lengste hjørne. VIF-keeper Gudmund Taksdal Kongshavn hindra ikkje frisparket, men hindra svært stygge siffer i opningskampen.

Laster innhold, vennligst vent..
Skullerud

Molde-trenar Tor Ole Skullerud (t.h.) fekk ei perfekt opning på Eliteserien 2014. Her jublar han etter 2-0-scoringa.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / NTB scanpix

– Vi burde avgjort kampen i andre omgang på éi av dei store moglegheitene, meinte Molde-trenar Tor Ole Skullerud direkte på TV 2 etter kampen.

For det mangla ikkje på sjansar for heimelaget. Og at det ikkje blei meir enn 2–0 skuldast meir flaks enn dyktigheit for Vålerenga.

Gulltakter frå første sekund

Ut på Aker Stadion i opningskampen var det eit svært angrepsvillig Molde som entra banen.

Med offensive backar i Martin Linnes og Per Egil Flo, leikne indreløparar i Mattias Moström og Mohamed Elyounoussi, samt eit skremmande spisspar i Björn Bergmann Sigurdarson og Fredrik Guldbrandsen, blei straumen av sjansar enorm mot Vålerenga-målet.

Ole Gunnar Solskjær sin arvtakar Skullerud sa klart ifrå om at Molde i 2014 skal bli eit mareritt å møte.

Allereie etter eitt minutt var Elyounoussi åleine gjennom mot VIF-keeper Gudmund Taksdal Kongshavn, og berre flaks gjorde at den tidlegare Sarpsborg 08-spelaren ikkje sende Molde i føringa.

Rune Hustad og Arne Flatin

Fotballkommentator i NRK, Rune Hustad, meiner årets første eliteseriescoring knapt kunne blitt betre.

Foto: Svein Smørdal / NRK

– Har du sett for ei scoring!

Presset og ballen heldt seg på bortelaget sin banehalvdel, der Molde leikte seg og heile tida gjorde forsøk på å spele seg til sjansar. Det var derimot ein dødball som enda i 1–0.

Elyounoussi vann eit frispark på rundt 25 meter, og heimvende Vegard Forren gjorde seg klar. Med strak rist banka han ballen i lengste hjørne til Molde-leiing.

– Forren tek tre skritt, dunkar til og ballen går i mål! Har du sett for ei scoring av Vegard Forren! For ei opning vi får på årets eliteserie, nær ropte ein engasjert NRK-kommentator Rune Hustad etter scoringa.

– Eitt av mine personlege mål er å score og bidra offensivt. Då var det godt at den sat i dag, for det er mange skot som ikkje går inn, sa Forren sjølv etter kampen.

Vålerenga måtte gå høgare i banen etter årets første eliteseriescoring. Då blei kontringsrommet større for heimelaget.

Etter 29 minutt var høgreback Linnes lynrask då sjansen baud seg, og etter å ha tilbakelagt ei halv fotballbane, sende han vidare til Bergmann Sigurdarson. Islendingen var iskald då han vende vekk éin mann, før han klinte ballen opp i venstre kryss til 2–0.

– Det var veldig morosamt. Viktig å vinne den første kampen, få tre poeng og ei scoring, sa Bergmann Sigurdarson til TV 2 like etter kampslutt.

Før pause kunne det blitt både 3-, og 4-0, men det var ikkje avgjort då pausesignalet gjekk på Aker Stadion.

Hindra stygge siffer

Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal gjorde to bytte i pausen – til lite hjelp. For sjansegaloppen frå heimelaget heldt fram, og det blei etter kvart uforståeleg at 3–0 ikkje blei eit faktum.

For både Bergmann Sigurdarson, Elyounoussi, Flo og Moström fekk enorme moglegheiter.

Berre ein god Taksdal Kongshavn i VIF-buret hindra stygge siffer i opningskampen.

Vålerenga kom til sine to største moglegheiter etter at 80 minutt var passert, men det enda med 2–0 på Aker Stadion – fullt, fullt fortent.

Sivert Heltne Nilsen

Sivert Heltne Nilsen blei rost opp i skyene av Kjetil Rekdal.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Berre éin eller to mann tek duellar

Molde-trenar Skullerud var svært godt fornøgd med både tre poeng og spelarane sin innsats. Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal var på si side brutalt ærleg direkte på TV 2 etter kampen.

– Slik vi opptrer i første omgang, med berre éin eller to mann som tek duellar, blir det vanskeleg. Sivert Heltne Nilsen er éin av dei, sa Rekdal.

Han er klar på at Vålerenga var budde på eit offensivt Molde, men at laget rett og slett blei for små. Heltne Nilsen, som gjekk frå Hødd til Vålerenga i vinter, er blant dei einaste som får godkjent.

– Vi møter éin av gullfavorittane og har eit nytt lag der mange debuterer. Heltne Nilsen har sin første kamp på nivået og gjer ein «outstanding» kamp. Vi tek med oss mykje lærdom og skal vere betre frå start i neste kamp, sa ein engasjert Rekdal.

Vålerenga-trenaren var vidare klar på at heimelaget vann fullt fortent.

– Vi har nokre sjansar etter pause, men sjølv då er Molde betre. Totalt sett var det klasseforskjell på laga. Molde hadde tosifra med sjansar, medan vi har to-tre.

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal