– Eg ønsker å representere Norge i OL, men Rio når eg ikkje. Eg har ikkje sjans til å gå ned nok i vekt i tide og bygge eit nytt team før det, seier Brækhus på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.
Brækhus seier ho har sett på sjansane for å kvalifisera seg for OL i år, men tida vert for knapp. No satsar ho mot neste OL, som er Tokyo i 2020.
Jamnt ned i vekt
Som NRK melde tidlegare denne veka har eit av problema til Brækhus vore vektklassane i OL.
I OL er det to vektklassar. Lettvektsklassen er 57-60 kilo, medan middelvektsklassen er 69-75 kilo. Brækhus veg 66,6 kilo og måtte då gått ned nesten ti prosent av kroppsvekta si på dei neste 150 dagane, eller gått opp.
– Eg skal gå jamnt ned i vekt over tid, og gjere det kontrollert for å unngå skadar. Det er ein draum å representere Norge i eit OL. Tokyo 2020 er målet, seier Brækhus.
NRKs bokseekspert Anders Werner Øfsti sa dette til NRK tidlegare i veka.
– Ho hamnar mellom to stolar. Skal ho ned til 60 kilo vil ho tape styrke. Det er veldig tungt å gå ned nesten ti prosent av si eiga kroppsvekt, seier Øfsti.
Å gå opp i vekt hadde også vore ei utfordring.
– Ho vil møte damer som normalt veg 80 kilo, som har pina seg ned i 75 kilo. Damene i denne klassen blir truleg for store og sterke for Brækhus. I tillegg mistar dei ikkje like mange prosent av kroppsvekta si for å bli kampklare, som Brækhus hadde gjort dersom ho skulle ned i lettvektsklassen, seier Øfsti.
Vil bokse i Norge
27. februar i år vann Brækhus tittelkampen mot Chris Namus, i sin første kamp på 15 månader.
No ønsker ho at den neste kampen hennar skal gå på norsk jord.
- Vi har levert ein søknad om å få gå kamp i Norge forrige veke og hadde møte med godkjenningsnemda i dag, seier Brækhus.
I 2014 vart det bestemt at det er lov med proffboksing i Norge, og Brækhus har lenge ønska å gå kamp på heimebane.
– Det har vort sårt å ikkje få bokse i Norge. Ho har sett kolleger få gjere det på sine heimebaner, no er ho klar for å gjere det samme, sa dei på pressekonferansen.