– Eg er jo sjølvsagt skuffa, det tek jo krefter det her. Denne prosessen er slitsom og eg skulle ynskje den kunne vore ferdig i dag. Men kamp det blir det heilt sikkert i år, seier Cecilia Brækhus til NRK.
Godkjenningsnemda for organisert kampaktivitet også kalla «knockoutnemnda», valgte i dag å avslå søknaden om å arrangere proffboksekamp i Noreg.
I pressemeldinga skriv Brækhus promoteringsselskap, «First Lady Promotion» at avslaget er grunna at samarbeidet med Antidoping Norge ikkje er formelt klart, og at arrangementet skal sanksjonerast av eit utanlandsk forbund.
– Det har ingenting med saken å gjere. Det er Antidoping Norge som er det siste å få på plass. Søknaden me sendte inn var før me hadde fått ting på plass med Antidoping Norge, som me har god dialog med nå. Om dei avslår på det kriteriet begynner eg å grine av den såpeoperaen her altså. Da melder eg meg ut, seier Brækhus og ler.
Ynskjer ny søknad
Brækhus og advokaten Morten Andreassen, føler det ikkje er mykje som gjenstår før alt er i boks.
– Me oppfattar dette som bagatellar. Dei store linjene er på plass, og me trudde kanskje dei ville gje føringer i staden for å avslå søknaden, seier advokat, Morten Andreassen til NRK.
Brækhus fortel at ein ny søknad vil bli sendt inn om ikkje lenge og den er ho heilt sikker på å få godkjent.
– Eg er 100 prosent sikker på at det blir kamp i Noreg i år.
– Berre bagatellar
Brækhus advokat, Morten Andreassen seier til NRK at dei foreløpig ikkje veit om dei vil anke avgjerda eller sende ny søknad, men advokaten er sikker på at det vil løyse seg ved neste korsveg.
Han trekker fram at nemnda viser til at det ikkje er ein formell avtale med Antidoping Norge, men Brækhus-advokatane har vist til at det er ein einigheit.
– Me hadde tenkt å skrive avtalen når me fekk ja. Me er einige om innhaldet, seier Andreassen.
Han understreker at dei ikkje har gjeve opp.
– Nemnda er ikkje ueinig med oss, men me har tenkt i litt forskjellig rekkjefylge.