Utan hovudutfordrar Asafa Powell på startstreken i finalen skulle Bolt vere suveren favoritt.
Men det gjekk ikkje som venta for superstjerna frå Jamaica.
Bolt tjuvstarta og blei diska. I frustrasjon slo han i veggen bak startblokkene.
– Oj-oj-oj! Kva skjedde her Usain? utbraut NRK-kommentator Lars Lystad etter sjokk-situasjonen.
– Det er ein soleklar tjuvstart. Det er ingen tvil! Det var litt av ei bombe, sa sidekommentator Vebjørn Rodal.
– Eg er overraska
Eks-sprinter John Ertzgaard sat sjokka etter å ha sett finalen.
– Lufta gjekk litt ut av finalen då Asafa Powell måtte bryte før det heile var i gong. Så skjer dette. Eg er overraska, seier Ertzgaard.
– Ingen kjem til å hugse Blake-sigeren
Ein av dei resterande konkurrentane, landsmann Yohan Blake, hadde verkeleg spissa klørne før det avgjerande løpet.
Blake var bestemann i semifinalen. I siste og avgjerande løp trumfa han inn til VM-gull på tida 9,92 i 1,4 sekundmeter motvind.
– All respekt til Blake, men det er ingen som kjem til å hugse dette om to veker etter at Bolt blei diska i dag, seier Ertzgaard.
Blake vann foran Walter Dix frå USA og Kim Collins frå St. Kitts og Nevis.
- SJÅ VIDEO:
Resultata frå 100 meteren:
1. Yohan Blake (9.92 sek.)
2. Walter Dix (10.08)
3. Kim Collins (10.09)
4. Christophe Lemaitre (10.19)
5. Daniel Bailey (10.26)
6. Jimmy Vicaut (10.27)
7. Nesta Carter (10.95)
Usain Bolt (diskvalifisert)