Kristoff, som vann løpet i 2014, klarte ikkje å henge med heilt i front av tetgruppa over toppen av Poggio, men kom med ein kjempespurt.
– Dessverre blei eg felt av mitt eige lag i dag, seier Kristoff til NRK.
Han var irritert på lagkamerat Guarieri, som heilt fram til spurten hadde gitt alt for Kristoff, men ikkje hadde krefter igjen då han skulle køyre opptrekk for nordmannen.
– Jacobo Guarnieri kjem på venstre sida og roper på meg, så eg slenger meg på han. Men han gir ikkje beskjed om at han er heilt på grensa. Han hadde ikkje meir å køyre for, men det får eg aldri beskjed om.
– Han burde ha gitt signal om at han var heilt på «limit», seier Kristoff, som ga Guarnieri skryt for resten av hjelperyttarrolla i vårklassikaren.
– Kva har de lært av dette til neste gang?
– Han må i alle fall vere klinkande klar på at han må seie ifrå om han ikkje føler seg bra. Han må vere såpass ærleg å gi beskjed, seier Kristoff, som til slutt blei nummer seks.
Løpet vart vunne av franske Arnaud Demare, med Ben Swift og Jurgen Roelandts på plassane bak.
Boasson stakk av like før mål
Edvald Boasson Hagen låg glimrande plassert over den siste bakketopppen, etter at Sky tok initiativet opp Poggio, og sette høg fart inn i bakken. Michal Kwiatkowski (SKY) rykka mot toppen, og hadde teten med eit par kilometer att.
Tetgruppa henta Kwiatkowski tilslutt og då prøvde tempohesten Fabian Cancellara seg, med to kilometer att.
Gruppa samla seg att, men inn på den siste kilometeren klinka Boasson Hagen til. Han fekk med seg på belgiske Greg Van Avermaet på bakhjulet. Då spurten om sigeren gjekk hadde Boasson Hagen brukt for mykje krefter, og klarte ikkje å henge med.
– Eg var med bra framme og det var ei ganske stor gruppe. Det har skjedd tidlegare at folk har gått på slutten og eg tenkte at det var mange sterke spurtarar i gruppa. Derfor tok eg sjansen og prøvde. Eg hadde håpa på ei større luke, seier Boasson Hagen.
– Kanskje eg kunne fått ei betre plassering om eg hadde venta til spurten, seier Boasson Hagen.
- Les også: