Hopp til innhold

Boasson Hagen fryktar for Hushovds profflag-satsing

Edvald Boasson Hagen trur tida kan vere ute for Thor Hushovds profflag-prosjekt, men Hushovd gir ikkje opp sjølv om nok ei norsk stjerne er uaktuell.

Thor Hushovd

HAR FORTSATT TRUA: Thor Hushovd.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Boasson Hagen, som fredag skreiv kontrakt med Team Dimension Data ut 2018, venta på tilbod frå Thor Hushovd, men høyrte aldri noko frå den tidlegare VM-vinnaren.

No fryktar han at Hushovds profflag ikkje blir noko av frå neste sesong.

– Eg føler ikkje at han har veldig god tid, seier Boasson Hagen til NRK.

– Eg skal ikkje seie at det ikkje blir noko lag, men det burde ha vore meir konkret når vi er så langt ute i sesongen, legg Boasson Hagen.

Hushovd: – Kan danne lag med utanlandske profilar

Hushovd lanserte i fjor store planar om eit norsk profflag frå 2017-sesongen. Både Edvald Boasson Hagen og Alexander Kristoff var øvst på ønskelista over ryttarar som skulle sykle for laget.

No er Boasson Hagen uaktuell for dei to neste åra. Kristoff har kontrakt med Katusha i minst eitt år til.

Men Hushovd trur ikkje Boasson Hagens kontraktforlenging betyr kroken på døra for profflag-satsinga.

– Eg hadde sjølvsagt som mål å få dei beste norske sykkelryttarane. Edvald var på ønskelista, men hans kontraktforlenging med Dimension Data har ikkje så mykje å seie for ei potensiell satsing, fortel Thor Hushovd til NRK.

– Får eg ein internasjonal sponsor eller ein norsk sponsor som skal vere stor i utlandet så er det mindre attraktivt med norske ryttarar på laget. Det er ikkje sjølvsagt at det bare skal vere norske ryttarar dersom eg får ein sponsor på plass, seier Hushovd.

Edvald Boasson Hagen

TRUR TOGET HAR GÅTT: Edvald Boasson Hagen.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

– Dialog med utanlandske sponsorar

38-åringen har enno ikkje gitt opp å få på plass eit World Tour-lag frå neste sesong, sjølv om han enno manglar ein stor sponsor.

– Eg jobbar med aktørar som har lyst, men som har gått langt over tidsfristen eg sette i utgangspunktet. Men dialogen har pågått så lenge at eg har lyst til å gje dette ein siste sjanse, seier Hushovd.

Han fortel at han har vore i kontakt med sponsorar frå andre land, men vil ikkje seie noko om dei har sagt nei til å vere med på ei satsing.

– Det har både vore internasjonale aktørar og norske selskap på banen. Foredelen i sykkel er at dei samarbeidspartnarane som har lyst inn i sporten kan påverke kor ryttarar skal komme frå, seier Hushovd.

Men i jobben med å danne eit lag med Edvald Boasson Hagen og Alexander Kristoff som spydspissar er toget gått for denne gang.

– Han må først ha eit lag før han kan gje tilbod, seier Boasson Hagen, som held døra open for å bli del av eit norsk profflag ein gang i framtida.

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal