– Over all forventning.
Det er den setninga Ole Einar Bjørndalen sjølv vil bruke når han får spørsmål om å oppsummere VM på heimebane med ei setning.
Sølv på både sprinten og jakstarten og ikkje minst gullet saman med laget på stafetten i går. I dag tok han sin fjerde medalje med bronse på fellesstarten og sin 44 VM- medalje totalt.
Vil vurdere etter sesongen
– Det er heilt fantastisk og eit av dei råaste meisterskapa eg har hatt på lang lang tid. I dag var eg litt sliten. Men eg klarte å fokusere på skytinga og sparte ein del krefter undervegs. Eg følte meg verkeleg bra i dag, seier Bjørndalen.
Han var med i gullkampen gjennom heile fellesstarten etter enormt sterk skyting med 20 treff. Ut på sisterunden gjekk Bjørndalen ut rett etter Johannes Thingnes Bø. Men 42-åringen klarte ikkje å fylgje gullvinnarens forrykande fart på jakt etter Fourcade.
– Eg såg Johannes køyrde knallhardt ut på siste runden. Kanskje skulle eg ha prøvd å slå om, men da kunne eg ha fått det skikkeleg også.
Men det alle ville vite etter målgang var om dette var det siste me har sett av 42-åringen i verdsmeisterskap.
– Det var det siste rennet i VM i år. Nå skal eg gå verdscupavslutninga i Russland og fokuserer på det, seier Bjørndalen.
– Når vil du bestemme deg?
– Det tek eg når eg føler det riktig å bestemme seg. Nå skal eg gå i Russland og nokre showrenn etter det. Så skal eg begynne å vurdere etter sesongen. Motivasjonen må ligge der og helsa må vere der.
– Han fortente det så vanvittig
Men i dag gliste Ole Einar Bjørndalen stort ikkje berre på grunn av sin eigen bronsemedalje. I dag gliste han vel så mykje på vegne av gullvinnar Johannes Thingnes Bø.
– Johannes fortente det så vanvittig. Eg trur eg gler meg like mykje som han og var meir fornøgd med hans løp enn mitt løp. At me klarte å bryte sigersrekka til Fourcade i dag, var veldig viktig.
Dagens store mann trur ikkje dette er det siste me har sett til superveteranen.
– Eg trur han fortsett, men kven veit? Kanskje han vil gje seg med eit VM på heimebane. Men han er såpass rå. Eg klarer ikkje å sjå kva han skal finne på viss han legger opp. Han kjem til å trene meir enn før viss han legger opp. Så viss han gjer seg nå, kan han likevel stille til start i VM neste år, smiler veslebror Bø.
Heller ikkje VM-kongen Martin Fourcade trur Bjørndalen gjev seg etter verdscupavslutninga i Russland neste veke.
– Eg har sagt det heile tida, eg er sikker på at han fortsett. Det er ingen tvil om det for meg. Det er så mange ting som gjer det sikkert, seier franskmannen.