Hopp til innhold

Bjørndalen om Sundby: – Han har klatra forbi Dæhlie

Ole Einar Bjørndalen nemner Martin Johnsrud Sundby som stor inspirasjon i vidare satsing. Nå meiner han at han prestasjonsmessig har klatra forbi Bjørn Dæhlie

Martin Johnsrud Sundby jublar for Canada-siger

VERDAS BESTE: Martin Johnsrud Sundby har vore verdas klart beste skiløpar i år med siger både i Tour de Ski, verdscupen samanlagt og Ski Tour Canada. Men det er ikkje resultata som gjer at Bjørndalen meiner Sundby har passert ein anna skilegende.

Foto: Jeff McIntosh / Ap

– Eg er overbevist om at eg kan lære frykteleg mykje meir av Martin.

Dei beste har det med å lære av dei beste. Da 42-år gamle Ole Einar Bjørndalen fortalde at han ville fortsette to år til grunna han det med stor motivasjon. Ein motivasjon han mellom anna får av å lære frå verdas beste langrennsløpar.

Har tatt langrenn vidare

– Bjørn Dæhlie var det største førebilete mitt som ung utøvar og er ein av dei framleis, men Martin har tatt langrenn enda eit steg vidare enn det Bjørn gjorde, meiner Bjørndalen.

Ole Einar Bjørndalen blid på PK

INSPIRERT: Ole Einar Bjørndalen blir motivert av å lære av Martin Johnsrud Sundby.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Bjørn Dæhlie er tidenes nest mestvinnande vinterolympier, med berre ein bronsemedalje mindre i medaljesamlinga frå OL enn Bjørndalen. Martin Johnsrud Sundby har ennå ikkje vunne eit individuelt meisterskapsgull. Men det er ikkje resultata som gjer at Bjørndalen meiner at Sundby har passert Dæhlie.

– For min del har Martin klatra forbi Bjørn. Ikkje resultatmessig men prestasjonsmessig, seier Bjørndalen og tenkjer på korleis Sundby har utvikla langrennssporten.

Sundby er inne i verdsklassedivisjonen

Audun Svartdal har fylgd både Bjørndalen og Sundby tett gjennom mange år. På 90-talet var han landslagstrenar i skiskyting da skiskyttarkongen slo igjennom. I seinare år har han blitt hyra inn av dei begge for å fylgje dei opp på teknikktrening.

– Felles for dei to er at dei heile tida søkjer utvikling. Kvar gong dei kjem i mål, sjølv om dei har vunne er det fyrste dei tenkjer på, korleis dei kan gjere det betre. Det er få som er på det nivået.

Ole Einar Bjørndalen og Bjørn Dæhlie

LEGENDER: Bjørn Dæhlie gratulerte Ole Einar Bjørndalen med sitt åttande OL-gull i Sotsji. Dæhlie har framleis eitt gull meir individuelt.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Like tett har han aldri vore på Bjørn Dæhlie. Han synest derfor det er vanskeleg å samanlikne dei to objektivt.

– Det er vanskeleg å rangere utøvarar frå forskjellige tidsepokar opp mot kvarande, eg vil heller putte dei inn i divisjonar. Og i den øvste divisjonen som eg vil kalle verdsklasse, er det ingen tvil om at Martin har kome inn i år.

NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland er einig.

– Dei to er begge blant dei største skiløparane me har sett. Men da Dæhlie konkurrerte gjekk ein langt færre renn og verdscupen såg heilt annleis ut, derfor er det vanskeleg å samanlikne.

Vektvest og mølletrening

Svartdal nemner spesielt to grep Sundby har gjort på trening som viser korleis han har utvikla langrennstreninga.

– Martin har sprengt nye grenser for kor gjennomtrent ein langrennsløpar kan vere. Han har jobba mykje med korleis ein kan behalde teknikken når ein blir sliten, der han har utvikla treninga med store mengder trening på mølle og skigåing med vektvest, fortel Svartdal.

Martin Johnsrud Sundby har ikkje svart på NRKs førespurnadar i dag.

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal