– Det er ei stor ære å bli spurt om å bere flagget. Sidan dette er mitt siste OL blir det heilt spesielt å avslutte OL-karrieren med å bere flagget framfor den norske troppen, seier Ole Einar Bjørndalen via den norske delegasjonen i Sotsji.
Bjørndalen fekk spørsmål om å vere flaggberar allereie under opningsseremonien fredag 7. februar, men takka nei fordi han skulle førebu seg på best mogleg vis til skiskyttarsprinten laurdag.
Dagen etter opningsseremonien tok han sitt sjuande OL-gull då han vann nettopp sprinten. Etter gull nummer to på mixed-stafetten blei han tidenes vinterolympiar.
No skal han altså gå fremst med det norske flagget under avslutningsseremonien søndag.
– Vemodig og flott
Bjørndalen har delteke i seks OL frå 1994 og fram til Sotsji i 2014. I dag laurdag avsluttar han OL-karrieren med skiskyttarstafett.
– Eg har vore stolt av å få representere Noreg i seks OL, og har utruleg mange gode minne som norsk OL-deltakar. Det blir nok både vemodig og flott å avslutte OL-karrieren på denne måten, seier 40-åringen, som torsdag blei vald inn i IOC.
Toppidrettssjef Tore Øvrebø slit ikkje med å finne superlativ når han omtalar Bjørndalen, og er glad for at det er superveteranen som skal vere flaggberar.
– Den norske OL-troppen hadde ein flott representant i Aksel Lund Svindal som flaggberar under innmarsjen. Dette flotte OL, sett med norske auge, blir avslutta med Ole Einar Bjørndalen som flaggberar, seier Øvrebø.
Han meiner Bjørndalen har gjennomført eit eventyr av eit OL, og Øvrebø gler seg over at skiskyttaren blei vald inn i IOC som utøvarrepresentant.
– Ole Einar er ein uendeleg god representant for norsk toppidrett og det blir ei ære å gå bak han på avslutningsseremonien, avsluttar Øvrebø.