Bettini har ikkje skrive under på antidopingavtalen som alle syklistane skal underteikne.
Derfor ville arrangørane i Stuttgart gå til retten for å nekte han å starte.
- Vi aksepterer avgjerda, og vil ikkje forfølgje saka vidare, seier dei lokale arrangørane i ei pressemelding.
Trudde dei hadde avtale
Dei lokale arrangørane i Stuttgart meinte dei hadde ein avtale med det internasjonale skykkelforbundet, UCI, om at berre utøvarar som hadde signert avtalen, skulle få starte.
Men torsdag kveld sa UCI-presidenten at dei ikkje hadde lovheimel for å krevje dette, og at Bettini derfor skulle få starte.
Dette aksepterte ikkje Stuttgart utan vidare, og gjekk til retten for å få startnekt for Bettini. Men fredag formiddag avviste retten kravet.
- Håpar UCI veit kva dei gjer
- Vi aksepterer det. Men dette går eigentleg på heile truverdet til sykkelsporten, og vi håpar at UCI veit kva signal dei sender ut når dei tillet Bettini å starte, seier Stuttgarts borgarmeister Wolfgang Schuster.
Bettini har aldri tenkt tanken påat han ikkje får starte.
- Eg har ikkje brote nokon reglar, seier han.
VM-rittet går søndag.