Alexander Os får også ny sjanse på landslaget. Fauskeværingen har slite med kyssesjuka dei to siste åra.
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX– Eg er kjempeglad. Eg følte meg ikkje heilt sikker, men ser no fram til å jobbe med Grubben, Andersen og alle dei andre, seier Berger til NRK.no.
32-åringen hadde ein tung fjorårssesong med dårlege verdscupresultat. På slutten av sesongen blei den tidlegare VM-gullvinnaren vraka til VM-stafetten i Ruhpolding.
På det aller verste blei han anbefalt mental hjelp for å takle problema, då han først og fremst underpresterte på standplass.
Neste sesong får han sjansen til å reise kjerringa.
Det nye trenarteamet, med Roger Grubben og Espen Nordbye Andersen, har bestemt at Berger blir med på landslaget trass dårlege resultat.
– No er det bare å gje full gass. Det er ein stor fordel å vere inne på landslaget kontra det å stå utanfor, seier ein letta Berger.
Lunde: – Ferdig om han ikkje presterer
Mannen med totalt seks verdscuptriumfar i karrieren har fått beskjed om at han tilfører lagmiljøet nødvendig kompetanse.
– Eg har snakka med Grubben. Han har trua på meg. Som lag treng vi ulike typar for å bli sterke. Det vil nemleg bli lagt mykje vekt på lagbygging i den kommande treningsperioden.
Uttaket overraskar NRKs skiskyttarekspert, Ola Lunde.
– Det er litt overraskande at dei satsar på Lars etter det han viste førre sesong. Berger må vise noko kommande sesong for å forsvare plassen på landslaget, seier Lunde.
– Vi får tru at han får litt sving på skytinga igjen. Det er klart trenarane som tar ut dette laget har tru på at han skal få til det, legg Lunde til.
Om Berger ikkje får det til, trur Lunde at Berger er ein saga blott i landslagssamanheng.
– Han ute av laget om han leverer som i fjor.
Les meir under biletet.
– Vi har lyst å gje Lars fleire sjansar til å prestere, seier landslagstrenar Espen Nordbye Andersen. Her saman med kollega Roger Grubben.
Foto: Solum, Stian Lysberg / NTBScanpix– Han ute av laget om han leverer som i fjor, seier Ola Lunde om Lars Berger.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / ScanpixLandslagstrenaren: – Har tru på at Lars kjem tilbake
– Vi har lyst å gje Lars fleire sjansar til å prestere det vi veit at han eigentleg kan, seier landslagstrenar Espen Nordbye Andersen.
Han påpeiker at Berger må gjøre ein heilhjarta jobb og gjøre sitt aller beste på trening for å kunne gå inn i sesongen med styrke til å hevde seg.
Samstundes må han passe seg for talenta som slåst for ein plass på eitt av skiskyttarsportens aller beste lag.
– Det kjem folk bakfrå. Det er svoltne ulvar som har lyst til å slå dei etablerte. Men Lars må bare gjøre ein steintøff jobb, så er eg sikker på at han skal vere med og prege resultatlistene allereie til vinteren, seier Nordbye Andersen.
NRKs skiskyttarekspert legg også til at Alexander Os har knapt med tid på å bevise at han er ein mann å satse på.
Fauskeværingen, som har slite med kyssesjuke, blei også tatt ut i landslagstroppen tysdag.
Her er landslagstroppen
Norges Skiskyttarforbunds uttak til landslag 2012-2013 sesongen:
Menn elite:
Lars Berger Dombås IL
Ole Einar Bjørndalen Simostranda IL
Rune Brattsveen Nordre Land
Johannes Bø Markane IL
Tarjei Bø Markane IL
Alexander Os Ishavslaget
Emil Hegle Svendsen Trondhjems skiskyttere
Trenarar: Espen Nordby Andersen, Roger Grubben, Ola Ravald
Kvinner elite:
Tora Berger Dombås IL
Tiril Kampenhaug Eckhoff Fossum IF
Hilde Fenne Voss SSL
Bente Landheim Tynset IF
Elise Ringen Meråker SSK
Synnøve Solemdal Tingvoll IL
Fanny Welle-Strand Horn Oslo SSL
(Ann Kristin Aafedt Flatland ) Vik IL
Trenarar: Egil Gjelland, Geir Ole Steinslett, Jon Kristian Svaland
