– Eg tenkte ikkje på at det var Tiril eg kjempa mot der. Eg måtte berre gå det eg kunne, for eg hadde lyst på pallen. Det er litt kjedeleg at eg stel pallen frå Tiril, men slik er det no, sa Berger til NRK.
Ho gjekk i mål eitt sekund føre lagvenninna Tiril Kampenhaug Eckhoff.
– Eg høyrde at ho kom, så det var veldig vondt å få den sekunderinga. Eg prøvde så godt eg kunne, men dei gamle er framleis best, konkluderte Eckhoff.
– Men det var nære?
– Det var nære, men eg får berre trene. Éin dag slår eg ho – forhåpentlegvis før ho sluttar, smilte 22-åringen.
- Les også:
- Les også:
– Ho er ganske nådelaus
Ut frå fjerde skyting låg Eckhoff på tredjeplass, 25,7 sekund bak leiande Andrea Henkel. Darya Domracheva gjekk ut om lag ti sekund bak Eckhoff, før Berger følgde to sekund bak Domracheva.
Det var lite å gjere med Henkel og Nadezhda Skardino på andreplass, men det blei altså eit rotterace om tredjeplassen.
Allereie inn til første passering etter siste skyting hadde Berger henta inn og distansert Domracheva. På 9,1 kilometer var ho fem sekund bak Eckhoff.
På passering 9,6 kilometer, 400 meter frå målstreken, var det 1,5 sekund som skilde lagvenninnene.
– Tora er i ferd med å hente Tiril, men ho er tapper, sa NRK-ekspert Ola Lunde like etter siste passering.
– Ho er ganske nådelaus Tora. Ho unner ikkje lagvenninnene så mykje når dei kjempar side om side, kontra kommentator Andreas Stabrun Smith.
Like før målgang passerte Berger lagvenninna.
– Det blir ein bitter, bitter fjerdeplass for Tiril, sa Stabrun Smith.
Tredjeplassen gjer at Berger tek over samanlagtleiinga i verdscupen. Darya Domracheva, som leia før rennet, ligg no seks poeng bak Berger.
Saka held fram under videoen.
Føler med Soukalova
Den førebelse samanlagtleiinga blei sikra med eit monster av ei sisterunde. Berger har derimot flest tankar i Sotsji.
– Eg vil fighte alt eg kan i OL, og så får eg prøve å fighte alt eg kan når OL er over også. Vi får sjå kva det blir til.
For ho tenkjer ikkje så mykje på at ho leier verdscupen.
– Men det er jo kjekt det. Det er frykteleg trist slik det blei med Soukalova som leia, blei diska og ikkje fekk gått i dag. Ho mista to løp, så det var kjedeleg for ho.
Gabriela Soukalova, frå Tsjekkia, ligg per no på fjerdeplass i verdscupen – 35 poeng bak Berger. I verdscupen gjev siger 60 poeng, andreplass 54 poeng og tredjeplass 48 poeng.
Null bom for tysk veteran
Berger plukka 48 poeng på jaktstarten i Antholz. 60 poeng var det den tyske veteranen Andrea Henkel som plukka.
Ho blei nummer to på sprinten fredag. Laurdag kunne ho juble for sin 22. verdscupsiger, då ho gjekk i mål 1,6 sekund føre kviterussiske Nadezdha Skardino.
Berger og Eckhoff følgde 6,6 og 7,8 sekund bak. Berger fekk ikkje med seg at ho var så nære siger.
– På siste runda prøvde eg berre å kjempe om pallplassen, og eg var ikkje klar over at det var så nære toppen, slo Berger fast.
Ann Kristin Aafedt Flatland blei nummer 12, medan Fanny Welle-Strand Horn blei nummer 28. Synnøve Solemdal og Elise Ringen stod over jaktstarten.