For 100 % Sport – som er eit samarbeid mellom Aftenposten og dei største regionavisene – har no bestemt seg for å sende ein reporter til Paralympics.
Det kom etter at Cato Zahl-Pedersen og Birgit Skarstein i eit innlegg i går kritiserte norske aviser for å ikkje sende ein einaste reporter til Paralympics i Rio i haust.
Påverka av engasjementet
– Ja, vi gjekk ein runde etter at Ytring-innlegget vart publisert i går, og kom fram til at vi skal få dette til. Prosessen er i gang, og dersom vi greier å akkreditere ein reporter, skal vi vere der, seier leiar i 100 % sport, Bertil Valderhaug til NRK.
Valderhaug er glad for denne utviklinga i saka, og la ut denne twittermeldinga i går kveld:
– Vi greidde å få til eit spleiselag, og Ytring-innlegget var medverkande til det. Det er store idrettprestasjonar i Paralympics, og vi skal dekke dei og topputøvarane der med same respekt som andre, seier han.
NRK sender eit team på åtte personar til Rio. TV2 skal per i dag ikkje sende team til Paralympics.
– Like vanskeleg i Sverige
Cato Zahl-Pedersen er glad for å høyre at 100 % Sport har snudd
– Det er veldig bra nytt og eg er glad for at Valderhaug har vore så open i prosessen. Me har registrert eit stort engasjement i sosiale media etter kronikken og det viser at folk er interessert, seier Zahl-Pedersen.
– Har du forståing for at i dagens medieverd er vanskelegare å sende journalistar og meir blir dekt heimeifrå?
– Ja, det har eg, men samtidig klarer alle avisredaksjonar å sende mange journalistar til OL. Og eg vil tru at det er ein like vanskeleg situasjon for media i Sverige, der reiser 18 journalistar til Paralympics, seier han.
Skarsteins og Zahl-Pedersens ytring skapte mange reaksjonar i sosiale media i går ettermiddag og kveld, og kan ha medverka til å endre situasjonen.
Skodespelar og TV-profil Linn Skåber var blant dei som reagerte etter Skarsteins ytring:
Og får svar i dag:
Skarstein og Zahl-Pedersen har også fått støtte av kulturminister Linda Hofstad Helleland.
– Eg ser fram til å sjå mange gode idrettsprestasjonar frå Paralympics. Men det er sjølvsagt opp til den enkelte redaksjon å ta slike avgjerder. Dei idrettprestasjonane som utøvarane i Paralympics kjem til å vise, er like store bragder som dei andre prestasjonane, seier Helleland til NRK.