– Draumen lever, men det går jo til helvete kvart år.
Petter Northug står med bøygd hovud på toppen av Alpe de Cermis nok ein gong. For tiande året på rad har han pressa kroppen til det siste, utan å kunne strekke armane i veret.
Likevel blei 30-åringen i går historisk. Berre Petter Northug har fullført alle dei ti versjonane av Tour de Ski. I seks av dei har han vore på pallen. Men kan Northug nokon gong vinne?
Jespersen: – Northug kan vinne
– Ja, Petter kan vinne Tour de Ski. I denne touren har han ikkje vore i god Petter-form. Men han har jo vore verdas beste langrennsløpar i mange år, så viss han går skikkeleg inn for det kan han ta det, meiner landslagsløpar Chris Jespersen.
For to år sidan blei Jespersen nummer to i Tour de Ski og hadde den beste etappetida opp monsterbakken. 32-åringen som har slite mykje med sjukdom før årets sesong, veg omtrent det same som Northug og viste med etappesigeren at ein kan gå fort i bakkar sjølv om ein veg over 80 kilo.
– Petter må kanskje trene litt meir spesifikt på bakken. Men han er nok litt redd for at slik motbakketrening kan gå utover spurtstyrken. Tidlegare år har han i tillegg prioritert meisterskap høgare, men i år trudde eg han skulle prikke inn toppformen. Men det har han tydelegvis ikkje klart, seier Jespersen til NRK.
– Burde vore året til Northug
NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland er ikkje einig.
– Han har prøvd ti gongar og hatt ti eventyrlege sesongar, men aldri vunne Tour de Ski. Det trur eg han heller ikkje kjem til å gjere. Dette var året han verkeleg kunne satse på touren utan meisterskap, seier Aukland og legg til.
– Nå er det veldig mykje som tyder på at det er ikkje mogleg, spesielt på grunn av sisteetappen opp bakken.
Landslagstrenar Trond Nystad er derimot einig med eleven Jespersen og trur me ein gong får sjå at nord-trønderen dukkar opp fyrst på toppen av bakken.
– Om han held på eit par år til, så er eg sikker på at han kan vinne Tour de Ski. Han har sagt at han ikkje kan trene spesielt på den bakken her, for det er så mange andre viktige skirenn. I år har han også ein del stong-ut og fått for lite forsprang på dei andre før bakken, seier Nystad.
Northug sjølv gjev iallfall ikkje opp.
– Eg må tydelegvis ha mange forsøk. Eg skal prøve igjen. Men så lenge Martin går sånn som han gjer, er det ingen som slår han.