Hopp til innhold

Agüero tilbake i superform då City knuste Chelsea

Manchester City sendte eit stort skremmeskot til konkurrentene då dei nedsabla Chelsea på heimebane. Det gjorde dei med sine to kanskje viktigaste spelarar tilbake i storform.

SOC/ Manchester City v Chelsea - Barclays Premier League

SJANSEBONANZA: Sergio Aguero trengte fem sjansar før han skåra det viktige fyrste målet. Argentinaren viste seg verkeleg som den klassespelaren han er på heimebane mot Chelsea i dag.

Foto: Carl Recine / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

– Skilnaden var at me klarte å skåre og ikkje gjere feila me gjorde i førre sesong. Det er definitivt det riktige signalet å sende ut, seier kaptein Vincent Kompany i intervju sendt på TV2 etter kampslutt.

Britain Soccer Premier League

TILBAKE: Vincent Kompany viste at han framleis er ei av verdas beste midtstopparar. Her har han akkurat sendt heimelaget opp i 2-0.

Foto: Rui Vieira / Ap

Midtstopparen var tilbake i praktslag for heimelaget mot Chelsea i dag. Kompany hadde ein trøblete sesong i fjor, men er ein av verdas beste forsvarsspelararar når han er i form.

Agüero trengte fem forsøk

Det var han i dag då han stengde forsvaret totalt for Diego Costa og Co, i tillegg til å stange inn det viktige 2-0 målet.

Men det er ein mann alle snakkar om i den blå delen av Manchester i dag. Premier Leagues kanskje beste spiss, Sergio Aguero.

I den fyrste omgangen terroriserte argentinaren Chelsea-forsvaret og det var eit mirakel at den vesle magikaren ikkje hadde skåra før halvtimen var gått.

Etter 31 minuttar fekk ballen endeleg kjenne nettsus etter veggsspel med Yaya Toure. Aguero fekk ballen tilbake, vendte opp og plasserte skotet i lengste hjørnet.

–– Det femte skuddet var viktig for meg. Tre poeng er viktig, spesielt mot fjorårsvinnar Chelsea som er ein vanskeleg kamp for oss, seier Aguero i intervju sendt på TV2.

Begovic best hos bortelaget

På fem minutt i andre omgang var heimesigeren sikra. Fyrst ved Kompany på corner og deretter med eit knallhardt og velplassert skot frå Fernandinho. Det siste målet kom etter at Chelsea rota bort ballen i eigen sekstenmeteren.

Men sjølv om Chelsa slapp inn tre mål var det reservekeeper Asmir Begovic som var lagets klart beste spelar. Sergio Agüero kunne og kanskje burde ha skåra langt fleire mål, men den tidlegare Stoke-keeperen stod som ein vegg og imponerte med kjemperedningar.

FBL-ENG-PR-MAN CITY-CHELSEA

SKREMMESKOT: Manchester City imponerte stort på heimebane mot Chelsea og leiar no med fem poeng ned til fjorårsmeistaren.

Foto: OLI SCARFF / Afp

Likevel er no Manchester City heile fem poeng framfor Chelsea etter to serierundar. Chelsea har ikkje spelt to serierundar utan å vinne sidan 90-talet. Manager Jose Mourinho var ikkje svært fornøgd etter kampen.

– Det beste laget i den fyrste omgangen vann kampen. Det beste laget i andre omgang var Chelsea. Me skapte ein del og keeperen vår var god. 3-0 stemmer ikkje slik kampen var, meinte portugisaren etter kampen.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal