Hopp til innhold

«Protestklubben» AFC Wimbledon er klar for League One

14 år etter at klubben vart stifta i protest mot flyttinga av Wimbledon FC, er dei no klare for League One. Det er same nivå som MK Dons, som er det eigentlege Wimbledon FC.

Britain AFC Wimbledon Promoted

JUBEL: AFC Wimbledon jubla hemningslaust på Wembley, etter å ha slått Plymouth 2–0.

Foto: Andrew Matthews / Ap

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er så stort at det har ikkje gått opp for meg enno. Telefonen har gått i eitt med gratulasjonsmeldingar, seier AFC Wimbledon supporter Endre Kleiven til NRK etter kampen.

Kleiven har vore trufast supporter av AFC Wimbledon heilt sidan klubben vart stifta i 2002, i protest mot at Wimbledon FC vart flytta til Milton Keynes og seinare skifta namn til MK Dons.

Midt oppi alt dette sto norske Kjell Inge Røkke og Bjørn Rune Gjelsten, som var inne på eigarsida i perioden då klubben flytta.

For nøyaktig 14 år sidan, 30. mai 2002, vart AFC Wimbledon stifta og gjekk inn på nivå ni i engelsk fotball. Neste sesong skal dei spele på nivå tre.

Britain AFC Wimbledon Promoted

KLARE: Adebayo Akinfenwa og resten av AFC Wimbledon-laget kan juble for opprykk til League One. Akinfenwa scora 2–0 målet på straffe, ni minutt på overtid.

Foto: Andrew Matthews / Ap

Stjal straffe på overtid

Med 2–0 siger mot Plymouth på Wembley, etter scoring av Lyle Taylor i det 78. minutt og Adebayo Akinfenwa på straffe, er AFC Wimbledon var opprykket eit faktum.

Taylors mål kom etter eit innlegg frå kanten, der han kom seg fri på første stolpe og sette ballen i motsett hjørne for keeper.

Britain AFC Wimbledon Promoted

JUBEL: Lyle Taylor jublar for 1–0 scoringa.

Foto: Andrew Matthews / Ap

Ni minutt på overtid i andre omgang fekk AFC Wimbledon straffe, og kjempa Akinfenwa tok ballen frå ein medspelar og gav klar beskjed om at han skulle ta straffa. Då er fallhøgda stor, men Akinfenwa gjorde ingen feil og sende laget og fansen til himmels.

– Dette har alle venta på

Det betyr at dei neste sesong skal møte MK Dons (rykka ned frå Championship i år) i ligaen for første gong, 14 år etter at dei vart stifta og spelte på nivå ni.

– Dette har heile fotball-England sett fram til. Vi har alltid hatt trua på at vi skulle kome oss opp på same nivå som dei, men at det skulle ta så kort tid var det nok få som trudde då dei hadde prøvespel før laget starta opp i 2002, seier Kleiven, som er fast bestemt på å ta turen over dammen for å få med seg den kampen.

AFC Wimbledon vart nummer sju i League Two denne sesongen, men etter playoff-spel var det dei blå og gule som kunne jubla for opprykket.

AFC Wimbeldon

NORSKE FANS: Endre Kleiven (t.h.) og Hans Petter Bakke var på kampen då AFC Wimbledon rykka opp til League Two i 2011.

Foto: Privat

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal