Infostrada set kvar månad opp prognosar for medaljer, og februar-utgåva av Virtual Medal Table spår at Norge kjem ut av årets OL med be eitt gull og eitt sølv.
Gullet går ikkje uventa til handballjentene. Sølvet er det lettvekt-dobbelsculleren med Kristoffer Brun og Are Strandli som står for.
Ut over det blir det ingen medalje for den norske troppen, ifølgje spådomen.
Resultatet plasserer Norge heilt nede på 47.-plass på medaljestatistikken, delt med Austerrike. Landet utan kyst tek begge sine medaljar i segling.
Les også: Noreg på synkande kurs
Sjöström blir svensk OL-helt
Ei mager trøyst kan det vere at Sverige berre er tre plassar over oss. Svenskane blir spådd seks medaljar – ein gull, fire sølv og ein bronse. Symjaren Sara Sjöström tek det einaste svenske gullet på 100 meter butterfly. Sjöström blir svensk OL-helt med sølv på 200 m fri og bronse på 100 m fri.
USA toppar med 42 gull, framfor Kina med 34 og Russland med 25. Vertslandet Brasil tek ni gull og blir nummer 10.
Gatlin slår Bolt
11 av USAs gull kjem i friidrett. Deriblant på 100-meteren, som Infostrada spår Justin Gatlin vinn framfor Usain Bolt. Bolt tek derimot ein av Jamaicas tre gull ved å vinne 200-meteren.
Danmark blir spådd to gull, tre sølv og fire bronse. Rene Poulsen i 1000 m kajakk single og lettvektsfiraren i roing er dei danske gullvinnarane.
Finland blir utan gull, men tek to sølv – Teero Pitkämäki i spyd og Petra Olli i fristil-bryting.
83 nasjonar kjem til å ta medaljar i Rio, er Infostradas februar-spådom nøyaktig eit halvt år før det brakar laust i Brasil. Det skal delast ut medaljar i 306 øvingar.
Infostrada kjem med oppdaterte spådomar kvar månad fram mot OL. Og då kan mykje endre seg.