«Da jeg sto på startstreken noen minutter senere, ønsket jeg intenst at det startskuddet kunne treffe meg så jeg bare kunne legge meg ned å slappe av litt»
Kari Øyre Slind er brutalt ærleg på korleis det var å vere fyrstereis på langrennssportens mest ekstreme konkurranse. Vel heime på Oppdal har 24-åringen sett ord på opplevinga på bloggen sin.
Ville ikkje sjå bakken
Øyre Slind hadde høyrt alle skrekkhistoriene frå lagvenninnene om monsterbakken som kvart år avsluttar touren. Kvelden før takka ho nei da landslagstrenar Roar Hjelmeset spurde om ho ville bli med på ein køyretur for å sjå den berykta bakken.
– Eg tenkte nokre sekund, men fann ut at nei det vil eg ikkje. Det einaste eg oppnår med det er at den ser verre ut enn eg hadde sett for meg, fortel ho til NRK.
Kari blei igjen på hotellet der ho kunne skimte bakken frå hotellrommet. Men alt dagen før, rett før den nest siste etappen hadde både kroppen og hovudet sagt ifrå at nå var det nok.
– Da eg stod på startstreken skjønte eg ikkje korleis eg skulle klare å gå skirenn. På oppvarminga måtte eg gå minst mogleg på ski for å ikkje sløse bort den vesle energien eg hadde i kroppen.
Kari kom til mål og ikkje minst til start dagen etter, da ho var klar for å klyve opp Alpe di Cermis.
Mental tortur
Alt gjekk greitt på transportetappen ned til botn av bakken.
Kari tenkte med seg sjølv at dette gjekk jo greitt, kanskje ikkje alpinbakken er så ille som alle seier. Men så begynte stigninga.
«Første heng kom, og der jeg hadde bestemt meg for å padle greide jeg nesten ikke å få skia til å gli på kjerringdansen engang. Jeg så meget svart på livet i disse peridodene, og at folk kunne ha nytelse av å se på denne torturen var rett og slett sadistisk. Det var kanskje mest av alt en mental tortur å kare seg oppover».
– Det hjalp jo at folk heia langs løypa, men tanken slo meg faktisk, tenk at dei nyt at eg har det så vondt, seier Slind og ler av sine eigne tankar.
Men i mål kom Kari Øyre Slind, til ein høgst respektabel 18.-plass i sin fyrste Tour de Ski. Og ho er uforståeleg nok vil du kanskje seie, ikkje skremt.
– Nå har eg alt gløymt kor vondt eg hadde det. Tour de Ski gav absolutt meirsmak.