– Det er det som er bakgrunnen, ver klar over det, sa Diack til IOC-medlemmene i Kuala Lumpur, der han er i samband med IOC-sesjonen.
Den tyske tv-stasjonen ARD og den engelske avisa Sunday times avslørte at 12.000 prøver tekne av 5000 friidrettsutøvarar i VM og OL mellom 2001 og 2012 viser at opptil ein tredel av medaljevinnarane har mistenkelege blodverdiar.
Diack reagerte med latter då han fekk høyre om skuldingane.
– Dette er skuldingar, ikkje bevis. Eg lo då eg høyrde at vi ikkje skulle ha gjort ein god nok jobb med dopingtestane, sa Diack.
Men han lova likevel at opplysningane som kjem fram, blir tekne alvorleg.
– Vi jobbar med å finne ut av det, og vi skal svare på alle spørsmål, sa Diack ifølgje The New Indian Times. 82-åringen frå Senegal går av under VM i beljing denne månaden, etter 16 år i presidentvervet.
Truar med å forfølgje avslørarane
Organisasjonen han leier er derimot oppteken av ei anna side av avsløringane.
I ei fråsegn dei sende ut på si eiga nettside peikar dei på at opplysningane var basert på private og konfidensielle medisinske opplysningar som var innhenta ulovleg. IAAF vil ha rett til å ta dei stega som er nødvendige for å verne om rettane til organisasjonane og utøvarane, heiter det.
Ukrainske Sergej Bubka og britiske Sebastian Coe er kandidatane til å overta vervet etter Diack. Begge er tidlegare verdstoppar innan friidretten, og begge tek sterk avstand frå det som kjem fram i avsløringane.
– Det er nulltoleranse for doping. IAAF er ein organisasjon som er leiande i kampen mot doping, og kampen skal halde fram, seier Bubka.
– Vi tek avsløringane alvorleg, og skal ha ei «robust» gransking, seier Coe.
Ei sak for friidretten
IOC-president Thomas Bach seier at dette i utgangspunktet er ei sak for friidretten, ikkje for IOC.
– Men dersom det viser seg at det har hatt betydning for resultata i OL, skal vi sjølvsagt ta affære. Der har vi nulltoleranse, seier Bach.
IAAF seier at dei sidan biologiske pass vart innført i friidretten i 2009 har forfølgt fleire tilfelle enn alle andre antidoping-organisasjonar til saman, og har brukt to millionar dollar i året for å kjempe mot juks. Dette er den høgaste prosentdelen av det årlege budsjettet i annan sport, sa IAAF.
Det kenyanske friidrettsforbundet reagerer sterkt på ARD-dokumentaren, der det blir sagt at 77 av dei 800 tvilsame prøvene kom frå kenyanske utøvarar. Dei kallar den ein svertekampanje.
– Vi kan ikkje unngå å peike på at dokumentaren er ein svertekampanje mot våre løparar, sett i gang medan dei er i ferd med sine siste føerbuingar til VM i Beijing, skriv forbundet.
VM opnar 22. august.