Kristoff vart søndag den første nordmannen som
, og det gjorde 27-åringen i utklassingsstil.– Kristoff er akkurat no den beste syklisten i verda. Ikkje berre fordi han vann rittet, men endå meir på grunn av måten han gjorde det på, seier NRKs sykkelekspert og tidlegare proffsyklist Dag Erik Pedersen.
– Enorm prestasjon
– Måten han vinn på er helt ufatteleg. Han er storfavoritt, han kjem til dei siste kilometrane utan hjelperyttarar. Det problemet løyser han ved å angripe og tvingar laga med fleire ryttarar igjen til å angripe, og dei blir ikkje samde, seier han.
– Og på dei siste metrane berre syklar han frå Tepstra. «Gjer kva du vil, eg slår deg likevel» er signalet han sender ut. I mål er han langt framfor nederlendaren, som er parkert i spurten. Dette er enormt stort, seier Dag Erik Pedersen.
Den tidlegare syklisten slit med å finne ord når NRK ber han om å vurdere prestasjonen.
– Når han kan gjere noko slikt som dette i eit monumentritt, er det heilt utruleg. Han er favoritt, og han innfrir så til dei grader. Og neste helg er det eit nytt monumentritt der han er favoritt (Paris – Roubaix), seier Pedersen.
Eit knippe sykkelekspertar kom i NRK i fjor fram til at
, og det tredje største eindagsrittet bak VM og Paris Roubaix.– Mentalt sterk
Pedersen er ikkje berre imponert over Kristoffs fysikk, men minst like mykje over den mentale biten.
– Ein ting er den fysiske prestasjonen ved å gjennomføre eit slikt ritt over seks og ein halv time. Men den fullkomne taktikken og så mykje is i magen fortel om ein mann som har ei svært stor sjølvtillit, seier Pedersen.
Som har eit stikk til andre store norske idrettsprofilar:
– Eg håpar også at norske vinteridrettsutøvarar som trenar kondisjon, la merke til kor raskt Kristoff stilte opp til tv-intervju etter målgang, seier den tidlegare sykkelproffen.