SAN PEDRO DEL PINATAR (NRK.no): Han avgjorde cupfinalen for Hødd mot storfavoritten Tromsø med ei rekkje strålande redningar.
- Les også:
Så blei han henta til den doble seriemeisteren Molde av Ole Gunnar Solskjær – inga overrasking for dei som har følgt Hødd og Molde.
Onsdag – etter nokre veker med trening saman med nye lagkameratar – er Nyland klar for å debutere i Molde-målet.
- Les også:
– Lærerike og artige
Espen Bugge Pettersen stod den første kampen for Molde i Copa del Sol, Ole Söderberg den andre.
Mot Shanghai East Asia onsdag formiddag, på Pinetar Arena, er det klart for Ørjan Håskjold Nyland.
– Dei første vekene har vore både lærerike og artige. Eg har fått jobba hardt og godt, vi er på gras under gode forhold – så det har vore kjempebra, seier 22-åringen til NRK.
Noreg sin neste storkeeper?
Manager Solskjær har fått eit svært godt inntrykk av klubben si ferske keepersignering frå Hødd og Volda.
– Han har kome inn som den guten vi trudde han var.
– Ein gut som er veldig ambisiøs, veldig ærgjerrig, treningsvillig, ein som gler seg til å spele og han synest han høyrer heime i ein storklubb, fortel Solskjær.
Molde-sjefen trur klubben har sikra seg, det som på sikt kan bli, Noreg sin nye storkeeper.
– Det har han alle moglegheiter til å bli, slår Solskjær fast, før han greier ut:
– Sjølvsagt er det mykje opp til han sjølv. Så langt ser det ut til at han har det som skal til både mentalt og fysisk. Så får Ørjan veldig, veldig god oppfølging frå Richard (journ. anm. Hartis, keepertrenar) på det tekniske.
Fram mot seriestart har dermed den doble seriemeisteren tre svært gode keeperar å velje mellom.
Går for gull
Sjølv tenkjer ikkje Nyland så mykje på kven som står i mål om ein halvannan månad – når serien blir sparka i gang.
– Nei, det tenkjer eg ikkje på no. No tenkjer eg berre på å trene hardt, vise meg fram på trening og så er det manageren som avgjer kven som står i mål.
Cupgullet gløymer han aldri, men finalen mot Tromsø er eit tilbakelagt kapittel.
– Det var ei fin oppleving, men det gjeld å ha fokus på noko nytt.
– Eg håper å få oppleve noko liknande igjen med Molde. Og vi får gå for seriegull her, avsluttar ein smilande Nyland.
Sjå intervju og éi av Nyland sine cupfinaleredningar i videoane under: