Både Bjørn Helge og John Arne Riise reagerte med tydeleg irriterte armbevegelsar mot Brattvåg-keeperen under straffekonkurransen i cupkampen tysdag kveld.
Begge Riise-brørne scora på sine straffer. Men begge gjekk også fram mot keeperen og retta armane mot han – Bjørn Helge med høgrearmen, John Arne med begge. Reagerte gjorde også Aalesunds andre straffeskyttar, Mikkel Kirkeskov.
– Kva skjedde?
– Eg sa til John Arne at «du har bomma på straffe før, du, og eg håpar du gjer det igjen». Til Bjørn Helge sa eg noko liknande. Så scora dei og reagerte på sin måte, seier Henrik Reite Hansen til NRK.
John Arne Riise bomma på straffe då Liverpool vann meisterligafinalen i Istanbul i 2005. Men Hansen seier ingenting om det var den han tenkte på.
– Ein del av gamet
– Har du forståing for reaksjonane?
– Ja, på sett og vis. For Aalesund er pressa i serien, og trong alt anna enn å bli slått ut av cupen. Riise-brørne er også dei mest profilerte på det laget, så dei var nok pressa og litt frustrerte når dei låg bakpå og måtte jage i straffekonkurransen. Alle vil vinne, og vinnarinstinktet er veldig sterkt i desse to.
– Det var dette eg prøvde å utnytte. Det er ein del av gamet, det sa også Bjørn Helge då vi snakka saman etter kampen. Det skjedde i kampens hete, og var over der og då. Vi hadde ein god tone etterpå, seier Hansen.
Bjørn Helge Riise ser heller ikkje noko gale i det som skjedde.
– Han prøvde berre å vippe oss av pinnen, sa ikkje noko stygt. Akkurat slik det skal vere i ein straffesparkkonkurranse, seier AaFK-kapteinen i ein sms til NRK.
Brattvåg frå 2. divisjon slo eliteserielaget Aalesund ut av cupen i 3. runde. Det stod 1–1 etter ekstraomgangar, og Brattvåg vann 5–4 på straffer.
– Ingen dramatikk
Hansen meiner det ikkje ligg nokon dramatikk i hendinga.
– Dei er profesjonelle spelarar, og likte nok ikkje å vere i ferd med å tape for vesle Brattvåg. Dette er berre ein del av spelet, og vi hadde ein god tone etter kampen, seier Henrik Reite Hansen.
– Eg veit ikkje om det grensa til det usportslege frå mi side. Men det er taktikk å bruke litt psykologiske midlar, seier Hansen.
Det hjelpte ikkje mot Riise-brørne. Begge sette sine straffer i mål. Men Brattvåg vann likevel.
– Og det var det viktigaste, seier Hansen, som fryktar bortekamp i 4. runde, ettersom Brattvåg berre har spela heime hittil.