– Han startar med handikap i den neste turneringa, seier Simen Agdestein, Carlsens tidlegare læremeister.
Verdseinaren har fått ein dårleg start på Grand Chess Tour.
Ved å rase nedover på resultatlista i innleiinga av Norway Chess har han gjort det vanskeleg for seg sjølv i samanlagtkampen i det som også blir kalla sjakkens Champions League.
– Det er klart det er dårleg, seier Carlsen.
Går glipp av millionar
Grand Chess Tour består av tre ulike turneringar der verdas ni beste spelarar gjør opp om samanlagttittelen.
Vinnaren av kvar enkelt turnering får 2,4 millionar kroner.
– Konkurrentane vil få eit godt forsprang, så dette er ikkje bra, seier Agdestein.
– Det er klart at det er langt viktigare å vinne VM og halde på VM-tittelen, men det er jo også prestisje i å vinne Grand Chess Tour. I tillegg til å tene masse pengar, seier Agdestein.
Sjakk-kommentator Dirk Jan ten Geuzendam støttar Agdestein, men har fortsatt trua på at Carlsen kan komme tibake og vinne samanlagt.
– Han har prestert langt unna sitt eigentlege nivå her i Norway Chess, men til vanleg er han den mest stabile i sjakkverda. Ein eller annan gang måtte også han møte motgang, og det skjedde her, seier ten Geuzendam.
Men Carlsen har truleg ikkje råd til fleire turneringsfiaskoar for å vinne samanlagt.
– Han treng nok ytterlegare 1,5 til 2 poeng i Norway Chess for å henge med. Så må han truleg vinne dei to neste turneringane for å ta samanlagtsiger, seier kommentatoren.
Har ikkje gitt opp
Verdas mest suverene sjakkspelar gjennom tidene har tatt seg opp etter ein katastrofal start i Norway Chess.
Carlsen tapte første parti på tid etter å ha misforstått reglane. Neste knekk kom på dag to, då han blei slått av rival Fabiano Caruana. Dette var 24-åringens verste turneringsstart på fire år.
Dei siste tre partia har enda med ein siger og to remis. Det gir Carlsen håp om ein respektabel avslutning på Norway Chess og samanlagtsiger i Grand Chess Tour på sikt.
– Eg føler eg er god nok til å ta igjen det tapte i andre turneringar. No er det om å gjøre få mest mogleg ut av dei partia eg har igjen her.
Touren held fram med Sinquefield Cup i Saint Louis 21. august til 3. september, før det heile blir avgjort med London Chess Classic fra 3. til 14. desember.