– Så lenge vi blir betre plassert enn Sverige, Russland, Ungarn og Kviterussland, skal det halde til å få ein plass i OL-kvalifiseringa, seier Zeljko Tomac i det norske trenarteamet.
Av dei laga han nemner er det berre Russland som har med seg poeng inn i mellomrunden. Dei andre står med null poeng, medan Norge har fire (sjå faktaboks).
Skal halde med ein siger
Om Norge plasserer seg betre enn dei nemnde landa, betyr ikkje det at dei går rett til Rio. Skal dei gå rett til OL må dei vinne EM eller tape mot Frankrike i ein finale. Dei allereie er kvalifisert som regjarande verdsmeister, og om Frankrike vinn EM vil tapande finalist få plassen som direkte kvalifisert (sjå faktaboks under).
Går Norge inn i OL-kvalifiseringa, skal dei spele tre kampar i april. Vert dei topp to av dei fire laga i kvalifiseringsgruppa, får dei OL-plass.
- Les også:
- Les også:
– For å plassere oss betre enn Sverige, Russland, Ungarn og Kviterussland trur eg vi treng ein siger i mellomrunden. Då skal dei andre laga ha mykje marginar med seg for å plassere seg betre enn oss, seier Tomac.
Sist det norske herrelandslaget i handball var med i OL var i München – heilt tilbake i 1972.
Tvedtens vurdering av motstandarane
Men før ein tar heilt av og byrjar å snakke om OL-plass, har Norge ein alle tiders mogelegheit til å ta seg til semifinalen i EM for første gong. Norges beste plassering i eit EM er ein sjetteplass, under EM på heimebane i 2008.
På vegen mot semifinalen skal dei møte Polen, Frankrike og Makedonia. NRKs handballekspert, Håvard Tvedten, har vurdert styrker og svakheiter på Norges motstandarar.
Norge-Polen, laurdag 23. januar klokka 20.30
- Styrker: Dei har heimebane og 15,000 fans i ryggen. Det skal ikkje undervurderast.
- Svakheiter: Til no har dei ikkje vore så gode i etablert angrep, og dei manglar ein som tar tak i angrepsspelet.
Norge-Makedonia, måndag 25. januar klokka 18.15
- Styrker: Kiril Lazarov. Han er høgreback og speler for Barcelona. Ein klassespelar med over 1000 landslagsmål.
- Svakheiter: Dei er ikkje like godt trent som det norske laget, og Norge kan slite dei ut, slik som dei gjorde med Kviterussland.
Norge-Frankrike, onsdag 27. januar klokka 18.15
- Styrker: Dei har eit vanvittig trøkk i angrepsspelet sitt og har god fysikk. Dei er regjerande verdsmeistrar.
- Svakheiter: Det er vanskeleg å finne nokon, men dei har vore litt ustabile og tapte blant anna mot Polen i det innleiande gruppespelet.
Norge har om kjend fire poeng med seg inn i mellomrunden. For å nå semifinalen bør dei vinne to av dei tre neste kampane.
- Norge-Polen går direkte på NRK P1, laurdag klokka 20.25.
- Les også: