Hopp til innhold

50 år sidan rekordkastet: – Det sat så aldeles inn i granskauen

Det var ein fin septemberkveld på Bislett. Terje Pedersen kasta som den første i verda spydet over 90 meter. Men dei fleste på tribunane fekk ikkje med seg det historiske kastet.

For femti år siden satte Pedersen verdensrekord i spydkast på Bislett. Se kastet og hør intervjuet her.

Slik såg Terje Pedersens rekordkast ut – meda publikum var opptekne med innspurten på 800 meter

Terje Pedersens kast på 91,72 den 2. september 1964 går inn i historia som ei av dei største stundene i norsk friidrett nokonsinne.

– Det sat så aldeles inn i granskauen, sa Pedersen til Aftenposten etterpå. Han hadde omsider fått fullklaff på eit kast.

Kastet i den andre omgangen var ikkje berre det første i verda over 90 meter, det var ei forbetring på 4,60 meter av den gamle rekorden – som han sjølv hadde sett to månader tidlegare, også det på Bislett.

– Eg oppdaga under trening kor viktig det er å ha stor fart akkurat i utkastet. Det er det som avgjer farten på spydet, og dette jobba eg mykje med. Eg konsentrerte meg derfor om dette, ikkje nødvendigvis om å ha størst fart i tilløpet. Og det lykkast eg med fullt ut på Bislett, seier Terje Pedersen til NRK.no.

Rekorden tilskodarane ikkje såg

Men det fekk dei fleste av dei 16.000 på tribunane ikkje med seg. For kastet skjedde under innspurten på ein svært spennande 800-meter, og det fanga merksemda.

Først då speaker etterpå kunngjorde rekordkastet og lengda, skjønte publikum kva dei gjekk glipp av.

Rekordkastet på 91,72 var endå meir imponerande fordi han sleit med ein ryggskade han hadde fått under ein konkurranse berre ti dagar tidlegare. Han kasta då heller ikkje fleire kast i denne konkurransen – utladinga var for stor.

4,60 meter verdsrekordforbetring i eitt kast er også det nest største i historia. Berre Uwe Hohns 104,80 meter i 1980 er større (5,08 meter).

Terje Pedersen var 21 år på det tidspunkt, og representerte Oslo-klubben Vidar. – Eg var nok ei barnestjerne, med sigrar og rekordar på alle aldersnivå, seier han.

Allereie i Roma i 1960 deltok han i OL, som 17-åring. Der kvalifiserte han seg til finalen med 74,67 meter – 67 centimeter over finalekravet. Men under oppvarminga vrikka han ankelen og måtte trekkje seg frå finalen .

Han tok NM-gull i 1960, 1962, 1963 og 1964.

Var storfavoritt – mislykkast i OL

Med to verdsrekordar i 1964 var han storfavoritt i OL i Tokyo same hausten. Alle venta at han skulle ta gull i den same øvinga Egil Danielsen hadde vunne i Melbourne åtte år tidlegare.

Men der skuffa han og enda på 13.-plass med berre 72,10 meter. Det gjekk mange teoriar om årsaka, både om overtrening, mental svikt og problem med døgnrytmen i Japan.

– Berre sprøyt, seier han. – Eg var rett og slett utsliten.

Pedersen var som nesten alle andre norske idrettsfolk på den tid den sanne amatør.

– Då sommarferien var slutt, var det tannlegestudiar frå åtte om morgonen til fire på ettermiddagen. I tillegg måtte eg har litt til livets opphald, og var korrekturlesar i Aftenposten frå 18 til over midnatt tre dagar i veka. I tillegg skulle vi trene, fortel Pedersen.

– Klarte knapt å kaste 60 meter

Og dei siste vekene før avreisa til Japan, prøvde spydkastarane noko nytt:

– Vi skulle kaste tidleg om morgonen, og ville møtet dette ved å trene tidleg heime også. Så vi møtte opp på Bislett klokka halv sju for å trene.

Resultatet var at han og Wily Rasmussen, den andre norske spydkastaren i OL i Tokyo, var dønn utslitne då konkurransedagen kom.

– Vi klarte knapt å kaste 60 meter, minnest han.

Men for rekordkastet fekk han iallfall både Morgenbladets gullmedalje og vart kåra til Årets idrettsnamn av sportsjournalistane.

Stod i fire år

Rekorden frå Bislett stod i nesten fire år. Først i 1968 vart han slått. Janis Lusis frå Sovjetunionen kasta skarve 26 centimeter lenger.

Men i 1986 vart Terje Pedersens rekord offisielt sletta frå rekordbøkene. To år tidlegare hadde Uwe Hohn kasta 104,80 meter. Det var så langt at det var farleg for publikum, meinte det internasjonale friidrettsforbundet.

Derfor flytta dei tyngdepunktet i godkjende spyd fire centimeter lenger fram, og strauk samstundes alle tidlegare rekordar.

Den første som fekk godkjent rekord med det nye spydet, var vesttyskaren Klaus Tafelmeier med skarve 85,74 meter – nesten seks meter kortare enn Terje Pedersens fullklaff-kast i 1964.

Men ingen kan ta frå Pedersen at han var den aller første i verda som kasta spydet over 90 meter.

Prestasjonen og kastaren vart feira på Bislett måndag – på Sportsklubben Vidars 95-årsdag.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal