– Det har litt med utstyret å gjere, men mest med at skyttarane trenar betre og blir sterkare mentalt, seier NRKs skyteekspert Ola Lunde. – Dei beste skyttarane i dag trenar minst like mange timar som dei beste langrennsløparane.
350 poeng er maksimum på det vanlege programmet for seniorane i Det Frivillige Skyttervesen – og dermed også på Landsskyttarstemnet.
– Maktar ikkje tv-presset
Men der har det aldri skjedd at nokon har skote feilfritt. 349 poeng er stemnerekord, sett av Knut Arild Brodahl på Elverum i 2010.
– Ei av årsakene til det, er at tv er til stades. Skyttarane er folk som ikkje er vane med å ha tv-kamera i ansiktet, det skjer berre denne eine gongen i året, seier Lunde.
Eliteskyttarane inntar standplassen onsdag, og NRK sender 12 timar frå Landsskyttarstemnet.
–Trur du at dagen når skyttarkongen får 350 nærmar seg?
– Ja, men nervepresset er stort på Landsskyttarstemnet. Det er kanskje 150 skyttarar som held toppnivå. Men dei fleste greier ikkje presset, seier Ola Lunde, som skal kommentere NRKs sendingar onsdag, torsdag og fredag denne veka saman med Andreas Stabrun Smith.
Les også: Slik er Landsskyttarstemnet
Trudde på 350 i fjor
– I fjor sa eg at eg trudde det kunne skje på den nokså lette bana i Sandnes. Men det gjekk ikkje, kongetittelen gjekk på 348.
I år skal stemnet gå på Lesja. Dei beste skyt innleiande skyting onsdag og finaleomgangen torsdag.
– Er bana på Lesja lett?
– Den er vel omlag midt på treet. Vertilhøva blir avgjerande, og vermeldingane tyder på gode tilhøve onsdag, seier Lund.
Åsane-skyttar først
Frode Kristensen frå Åsane og Hordvik var førstemann med fullt hus. Det greidde han i 1999. Sidan har det vorte fleire for kvart år.
– Det er nok ei mental sperre. Nå først barrieren er broten og skyttarane ser det let seg gjere, blir det lettare å kome etter.
Kim-Andre Aanestad Lund frå Jondalen har skote fullt hus heile ni gonger. Fem av dei var i fjor, ein hittil i år.
Snart klart for mindre skiver?
Seks gonger i år har ein skyttar skote fullt hus.
– I fjor var det mange, i år synest eg det er litt rart at det ikkje har skjedd fleire gonger.
– Nærmar vi oss eit punkt der skyttarane er så gode at det blir for «lett» å skyte fullt hus, og at ein må innføre mindre skiver for å skilje dei beste?
– Ja, det gjer vi kanskje. Internasjonalt er skivene mindre, kanskje går det den vegen her heime også, seier Ola Lunde.