– Det er stort, det er ein draum som går i oppfylling. Det skjedde tidlegare enn eg hadde forventa, men eg klagar ikkje, seier 16-åringen til NRK etter kampslutt.
Etter 64 minutt kom kan inn for Fitim Azemi og allereie før han hadde vore på bana i ti minutt varta han opp med ei praktscoring, då han flikka inn eit innlegg frå venstre med hælen.
– Eg hadde tenkt at eg kanskje skulle få nokre minutt, men eg hadde ikkje trudd eg skulle få spele så lenge, seier Hauge.
Etter 82. minutt tok han seg gjennom forsvaret og avslutta enkelt aleine med keeper, før han sette inn sitt tredje med fem minutt igjen av kampen. Bodø/Glimt slo Fløya 6–0 og er vidare til andre runde i cupen.
Ambisjonane for framtida er det ingenting å seie på, for 16-åringen som har fleire landskampar på aldersbestemte lag.
– Eg var i England i vinter på treningsleir med Reading og det var ei god erfaring. Målet mitt er å spele fast i premier league så dette er berre starten, seier han.
Sjå alle resultata i dagens kampar under.