Hopp til innhold

Lag-aking og individuell hockey - slik blir ungdoms-OL

Om 100 dagar startar ungdoms-OL på Lillehammer, med ei kostnadsramme på 328 millionar kroner.

Lillehammer 2016

«SJOGGFEST»: Om 100 dagar inviterer Lillehammer til vinterleikar for ungdom

Ungdoms-OL har tradisjonelle idrettar, men byr på mange nye øvingar når leikane tek til om 100 dagar. Sjå faktaboks.

Det er også gratis å kome inn på tribunene.

– Du kan ikkje samanlikne eit OL og eit ungdoms-OL. Målet vårt er å lære opp idrettsutøvarar for framtida, det er ikkje resultatlistene som er det viktigaste, seier direktøren for ungdoms-OL, Tomas Holmestad.

Ingen pampar på femstjerners hotell. Ingen eigne filer for direktørar og presidentar. Ingen limousinar. Ingen VIP-losjar. På Lillehammer skal alle ta bussen.

328 millionar

Tomas Holmestad

DIREKTØREN: - Læring og kultur er like viktig som idrettskonkurransane, seier Tomas Holmestad. Han er direktør for ungdoms-OL på Lillehammer

Foto: lillehammer2016.com

Ungdoms-OL har ei kostnadsramme på 344 millionar kroner. 248 av dette er ein statsgaranti som Stortinget samrøystes sa ja til i 2011. Dei siste 100 millionane blir dekka av bidrag frå IOC, Oppland fylkeskommune og sponsorinntekter.

Opprinneleg hadde ungdoms-OL budsjettert med 4 mill kroner i billettinntekter. Men eit billettsystem hadde blitt dyrt, derfor blir det gratis inngang til tribunene under øvingane.

Arenaene frå OL i 1994 skal også vere arenaene i ungdoms-OL, stort sett. Største investeringa er deltakarlandsbyen ved Stampesletta. Den skal huse 900 utøvarar, og IOC har betalt 108 millionar kroner til landsbyen, som skal bli studentbustader etterpå.

– Sponsorane er både internasjonale og lokale. Dei store IOC-sponsorane er inne i biletet her som i alle andre IOC-arrangement. Det har også gått greit med dei lokale, og der held vi alt ope til vi er i gang, seier Holmestad.

OL for og av ungdom

Chief de Mission

AMBASSADØRAR: Dei 39 unge ambassadørane frå heile verda var blant deltakarane då ungdoms-OL presenterte seg for ein månad sidan

Foto: lillehammer2016.com

– Her er utdanning og kultur like viktig som idrettsprestasjonane. Og at ungdomen sjølv skal drive arrangementet, seier Tomas Holmestad.

– Alle skal lære for framtida. Ikkje berre aktive, men også dei som arbeider i alle ledd av idrettsorganiseringa. Lokalsamfunnet skal sitje att med gevinsten, seier han.

Ungdoms-OL omfattar også 200 kulturarrangement. 3000 frivillige skal dra arrangementet i hamn. Og 39 ungdomar verda over er ambassadørar for ungdoms-OL på Lillehammer.

Les: – Jeg håper de neste 100 dagene går enda fortere

Les: Konkurranseprogrammet

Størst i Norge sidan 1994

Ungdoms-OL blir det mest komplekse idrettsarrangementet i Norge sidan vinterleikane i 1994.

– Det byggjer vi på at det deltar 1100 utøvarar frå 70 lad i 70 øvingar. Desse skal foregå på mange arenaer samstundes. Det blir eit arrangement som er langt meir komplekst enn noko anna vi har hatt her i landet sidan den gongen, seier Holmestad.

Suksessen kan ikke måles i TV-tall, antall solgte billetter eller hvor mange gullmedaljer de norske utøverne tar, men heller hva regionen, landet og norsk idrett får ut av denne muligheten.

lillehammer2016.com

På «hundredagarsdagen» lanserer også IOC ein kampanje på sosiale media for å involvere ungdom verda over. Kampanjen blei opna av Yuna Kim, den koreanske olympiske meisteren i kunstløp.

Laster Twitter-innhold

– Men dette blir ingen kopi av eit tradisjonelt OL. Dette er den andre vinterutgåva av ungdoms-OL, og vi skal skape vår eigen identitet.

Den 12.februar 2016 vil Lysgårdsbakkene nok en gang bli kledd med vinterolympiske ringer.Nå skal OL-ilden tennes på ny - nøyaktig 22 år og to timer etter åpningen av lekene i ’94. Men denne gangen tennes den av og for ungdommen.

lillehammer2016.com

«Learn and share»

Singapore i 2010 fekk æra av å setje ideen ut i livet. To år etterpå var Innsbruck vertskap for dei første vinterleikane. Lillehammer er nummer to i den rekka, og dei skal byggje på røynslene frå Innsbruck.

Utdanningsprogrammet har fått namnet Learn and Share, og går over to veker.

Video: Sigrid Strøm Reibo har det kunstneriske ansvaret for opningsseremonien. (Artikkelen held fram under videoen)

Sigrid Strøm Reibo var gjest i Dagsrevyen tirsdag 27.10.15.

Senteret blir ei stor utdanningsmesse i Håkons Hall, midt i hjartet av utøvarlandsbyen.

– I 1994 var det store hockeykampar der. Denne gongen blir det ikkje sendt avgarde ein einaste puck. I staden blir det ei stor utdanningsmesse med 25 ulike institusjonar, derav rundt halvparten norske.

Der skal dei mellom anna møte erfarne topputøvarar med nyleg avslutta karrierer, som Tora Berger og Anette Sagen. – Vi har kalla det «Chat with the Champ», seier direktøren.

Her hos oss er det minst like viktig at deltakarane får vere sosiale, utveksle erfaringar over landegrenser og kulturelle grenser, og lære av kvarandre

Tomas Holmestad, direktør for ungdoms-OL

– Her hos oss er det minst like viktig at deltakarane får vere sosiale, utveksle erfaringar over landegrenser og kulturelle grenser, og lære av kvarandre, seier Holmestad.

Pliktig frammøte

Ungdoms-OL 2016

NYE ØVINGAR: Idrettane er tradisjonelle, men nokre av øvingane på programmet er heilt nye

Foto: lillehammer2016.com

Utøvarane er også plikta til å vere i Olympialandsbyen i heile tidagarsperioden ungdoms-OL varer.

– Det held ikkje å kome hit like før konkurransen du skal delta i og reise heim like etter. Alle må vere her heile tida, seier OL-direktøren.

Som er berre 34 år. Det er også snittalderen i heile organisasjonskomiteen. Og det er eit poeng arrangørane dyrkar hardt: At det er dei unge sjølve som skal dra dette i hamn.

– Vi legg vekt på at folk er unge, og at dei så langt som mogeleg også er lokale. Vi prøver heller å finne lokale folk i nøkkelposisjonar enn å leige inn utanlandske ekspertar. Vi skal sitje att med kompetanse etterpå, seier Homestad.

– Vi let studentar frå mediedesignlinja ved Høgskulen i Gjøvik få oppdraget med å utforme den visuelle profilen for arrangementet.

Sjogg

MASKOT: Sjogg – bygt på dialektordet for snø – er namnet på maskoten, og det er den lokale studenten Line Ansethmoen som står for designet

Foto: lillehammer2016.com

18 år gamle Line Ansethmoen frå Lillehammer vann, og som skapte maskoten Sjogg.

Nominerte eldsjeler frå heile landet skal ut i fakkelstafett i dagane mellom Idrettsgallaen og OL-opninga, og dei skal også ha ei rolle i opningsseremonien på Lillehammer 12. februar.

– OL-nei er inga hindring

– Har samarbeidet med IOC blitt påverka av at Norge sa nei til 2022-OL?

– Nei. Viss det hadde blitt ein realitet, hadde vi nok brukt det til å vise det vi har fått til. Det kunne også blitt eit fint mål for dei som er med i den læringsprosessen som ungdoms-OL er. Men vi har heile vegen prøvd å vise at det er to arrangement som ikkje har noko med kvarandre å gjere, så det har ikkje påverka samarbeidet negativt.

Kritikk

Men eit så stort arrangement har heller ikkje gått heilt fritt for kritikk.

Langrennsveteran Eldar Rønning gjekk ut og kritiserte at 15-åringar skal ut i konkurransar i OL-regi. – Dobbelmoral, kalla han det.

– Eg er ikkje redd for konkurranseelementet i seg sjølv. Men det som skjer, er at 15-16-åringane etterpå kan ha opplevd «alt». Og det i ein alder når dei for alvor skal ta til å smake på toppnivået, sa Rønning til NRK i mars i år.

Og då Oslo måtte trekkje søknaden i fjor haust, hagla kritikken om at ungdoms-OL skulle samarbeide med «OL-pampane».

– Vi merkar stigande entusiasme, og det trur eg berre vil forsterke seg no når ungdoms-OL kjem nærmare, seier direktøren.

Når det gjeld 15-åringar som konkurrerer, har vi lenge hatt junior-VM, og dette skulle ikkje vere noko verre.

Nokon meiner det er for dyrt, men det er eigentleg ikkje vår sak. Stortinget sa iallfall samrøystes ja, seier Holmestad.

– Og at nokon har sterke meiningar og engasjerer seg, er eigentleg berre positivt.

Siste nytt

  • Foss fortsatt i ledelsen i Tour of the Alps

    Tobias Foss kom inn sammen med hovedfeltet på den andre etappen i Tour of the Alps tirsdag.

    Nordmannen vant åpningsetappen i rittet mandag og beholder ledelsen i sammendraget etter tirsdagens etappe.

    Den italienske veteranen Alessandro De Marchi vant etappen solo, mens også Patrick Gamper og Simon Pellaud kom inn før feltet.

    Foss ble nummer 13 på etappen, med Torstein Træen like bak på 23. plass.

    Rittet avsluttes fredag.

    Tobias Foss
    Foto: NTB
  • Jonas Vingegaard utskrevet fra sykehus etter skrekkvelten i Baskerland

    Sykkelstjernen Jonas Vingegaard er ute av sykehuset etter den stygge krasjen i Baskerland rundt for tolv dager siden.

    Vingegaards lag Visma opplyser om nyheten på X.

    Vingegaard takker i samme melding for all støtten han har fått siden velten.

    Dansken havnet på sykehus med omfattende skader for halvannen uke siden. i tillegg til kragebeinsbrudd og flere ribbeinsbrudd fikk Vingegaard også påvist punktert lunge og en betennelse i lungevevet.

    27 år gamle Vingegaard har vunnet Tour de France de to siste årene. Nå ser det ut til at den kommende perioden vil handle om å rekke årets utgave av Touren. (NTB)

    Jonas Vingegaard
    Foto: Team Visma-Lease a Bike/X
  • Norge medarrangør av VM 2031 for menn

    Det internasjonale håndballforbundet (IHF) har tildelt håndball-VM for menn til Norge, Danmark og Island. Vertskapsbyer er ikke klart.

    – Det blir et mesterskap hvor vi viser fram bredden i nordisk håndball, kultur og folkeliv. Danmark har vi samarbeidet med flere ganger allerede, mens det blir spennende å utvikle vennskapet med Island på nye måter. Vi gleder oss, sier Norges håndballpresident Kåre Geir Lio.

    Norge er også medarrangør av VM i 2025 for menn. Mesterskapet da skal da arrangeres sammen med Danmark og Kroatia, med finale i Telenor Arena.

    EM i 2026 for menn skal også spilles i Norge, da med Danmark og Sverige som medarrangør.

    I tillegg skal EM i 2028 for kvinner spilles i Norge, Danmark og Sverige.

    EHF 2024 Mens European Handball Championship Main Round Norway v Portugal
    Foto: CATHRIN MUELLER / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal