Ekstrempadlar i fritt fall
- Denne fossen her er berre eit par og førti meter. Den ser ikkje så altfor ille ut.
Publisert 01.12.2010 21:03.
- Kommentarer
- Skriv ut
Mariann Sæther studerer videoopptak av eit nytt fossefall.
- Eg ser på kulpen under fossen. Nei, dette kan ikkje bli så vanskeleg.
Mariann lever av - og for - å reise verda rundt og setje utfor høge fossar i kajakk. Ho brukar mykje tid på å finne dei perfekte fossefalla.

Utsikten fra toppen av fossen.
Foto: Mariann SætherNyleg besøkte ho eitt av dei mest kjende padle-fossefalla i verda, Tomata One.
- Den er ganske vanskeleg å kontrollere, fordi den er vertikal frå starten, og dermed er du i fritt fall. Og fritt fall med ein 20 kg kajakk kan vere litt problematisk innimellom, seier den 30 år gamle gudbrandsdølen.
Gutane bak i køen
Ho er ein av dei største profilane i padleverda. Berre ei kvinne har prøvd seg i same terreng. For dette er sporten der gutane stiller lenger bak i køen. Dei let Mariann kjøre først.
- Før kanten fokuserte eg berre på å kome ned. Men akkurat då det bikka over kanten, kom tankane: Herregud, kva er det du eigentleg driv med.

Mariann Sæther i det ho set utfor fossefallet Tomata One
Foto: Mariann Sæther- Men då eg var nede, var eg ganske fornøgd, legg ho til.
Orka ikkje å ha leilighet
Livet på reisefot er det einaste som gir sjelefred. Når NRK er på besøk, pakkar ho for tre nye månader på reise. No skal ho til dei chilenske elvane.
- Eg har ikkje hatt leilighet sidan mars. Sist vinter prøvde eg å leige ei på Voss. Men etter tre månader fekk eg panikk då eg oppdaga at eg hadde brukt mykje pengar på leilighet i staden for til flybillettar. Då sa eg opp leiligheta. Det takla eg ikkje så godt, seier Sæther.












