Hopp til innhold

Har fått hjelp frå OL-meister til å betre O2-opptaket

Sandvolleyduoen Geir Eithun (34) og Iver Horrem (36) har brukt vinteren på å auke O2-opptaket for å bli meir uthaldande på bana. Med på laget har dei hatt olympisk meister Eirik Verås Larsen.

EM Beachvolleyball Geit Eithun Iver Horrem

AMBISJONAR: Sandvolleyballduoen f.v. Iver Horrem og Geir Eithun vil stabilisere seg blant dei 24 beste i verda.

Foto: Joe Scarnici / Afp

– Vi har gjort endringar og trent litt annleis både fysikk og uthald. Spesielt i uthald har vi lagt ned ein del ressursar, seier Eithun.

Kajakkpadlar Eirik Verås Larsen har mellom anna to gull, ein sølv og ein bronse i OL, i tillegg til ein god handfull VM-gull. Etter det siste OL-gullet i 2012, vart han av toppidrettssjef Jarle Aambø karakterisert som ein superseriøs utøvar med svært

Verås Larsen

DYKTIG: Eirik Verås Larsen har i mange år vore ein av verdas beste kajakkpadlarar. Med hovudfag i idrett frå Idrettshøgskolen sit han på mykje kompetanse som andre toppidretssutøvarar kan ha nytte av.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

gode verdiar.

No er han fagkonsulent på uthald hjå Olympiatoppen, og har vore med å laga til treningsopplegg for Eithun og Horrem for å gje dei eit best mogleg utgangspunkt for årets sandvolleysesong.

– Vi har eit opplegg gjennom Toppidrettssenteret, og Verås Larsen har hjelpt oss med uthaldenheitsdelen. Vi får kontinuerleg oppfølging derifrå, seier Eithun.

Hadde ekstremt tøft fjorår

I fjor enda duoen på 37. plass i VM, og 5. plass i EM, etter å ha vorte slegne ut i kvartfinalen. I fjorårets siste Grand Slam-turnering i Xiamen i Kina, enda Eithun og Horrem på ein 25. plass, etter ein hard og slitsam sesong.

– Fjoråret tærte på. Vi spelte mykje og var ekstremt mykje på farten, og det har vi lært av. I år har vi avgrensa reisinga noko, og halde oss litt nærare heime oppkøyringa. Eg trur det overskotet som vi har no, vil hjelpe oss vidare, seier førdianaren.

Fjoråret tærte på. Vi spelte mykje og var ekstremt mykje på farten, og det har vi lært av.

Geir Eithun

Men det er ikkje akkurat langt mellom avtalane i kalenderen deira neste halvår. Fredag set dei seg på flyet til Fuzhou i Kina for å delta når World Tour tek laust i helga. Sidan går det i grunn slag i slag til siste Grand Slam-turneringa i Xiamen i Kina i midten av oktober.

– Det går i eitt. EM er første veka i juni, og så er det ei ny turnering kvar veke til slutten av august. Eg meiner vi skal ha ei friveke i juli utan turnering, seier Eithun.

Må vere heilt på topp fysisk

Men han understrekar at dei vurderer fortløpande.

– Det er det som er planen, men vi må gjere justeringane etter både kropp og form. Fjoråret var beintøft, seier Eithun.

Sjølv om begge har vorte betre på det meste fysisk i oppkøyringa, er det ikkje til å leggje skjul på at dei er midt i 30-åra, med dei utfordringar det fører med seg.

– Vi har innsett at vi må vere heilt på topp fysisk for å prestere. Mange av dei unge laga vi møter, er utruleg gode tekniske, i tillegg til at dei har rå fysikk. Vi må vere på tå hev heile vegen, seier Eithun.

Iver Horrem

KLAR: Iver Horrem (biletet) og makker Geir Eithun gler seg til første kamp i World Tour tysdag.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Begge ser fram til at sirkuset tek til neste veke, men Eithun understrekar at plassering ikkje er det viktigaste i den første turneringa.

– Vår inngang er at det ikkje betyr noko. Vi veit at kvalifiseringa vert tøff. Vi er bra ranka, men i starten er alle med. Vi må ut i kvalifisering og må vinne to kampar på rad. Det er vinn eller forsvinn. Kvar kamp er viktig, seier Eithun.

Vil etablere seg i hovudrunden fast

Han peikar på at det viktige for makkerane no er å gå ut og gjere gode kampar, og sjå korleis dei fungerer i kamp, og om nye ting som dei har jobba med, sit som det skal.

Det langsiktige målet er som før OL i Rio 2016. For året som kjem, er målet å etablere seg i hovudrunden fast. Per no ligg duoen om lag som nummer 30 i verda.

Vi veit at kvalifiseringa vert tøff. Vi er bra ranka, men i starten er alle med. Vi må ut i kvalifisering og må vinne to kampar på rad. Det er vinn eller forsvinn.

Geir Eithun

– Vi vil liggje blant topp 24 i verda, slik at vi er i hovudrunden og slepp kvalifisering, seier Eithun.

Den sure EM-exiten i kvartfinalen ønskjer dei også å revansjere.

– Vi vil eitt steg opp frå i fjor, frå kvartfinale til semifinale, seier Eithun, og meiner måla dei har sett seg er tidvis hårete, men fullt realistiske å oppnå.

– Dette er tredje sesongen vår saman, og vi har vorte meir samkøyrde. Men det er endå litt meir på det tekniske og taktiske som vi ønskjer å få finslipt, seier Eithun.

Siste nytt

  • Fire argentinske fotballspillere arrestert for voldtekt

    Fire profesjonelle fotballspillere i Argentina ble mandag pågrepet for å ha voldtatt en kvinnelig sportsjournalist på et hotellrom tidligere denne måneden. Den 24-år gamle kvinnen sier hun ble med på et hotellrom med en av dem, sovnet, og ble voldtatt, melder AFP.

    Toppklubben Velez Sarsfield har suspendert de fire og satt i gang en intern etterforskning.

  • Tidligere Brann-profil dropper skjebnekamper – nå beklager han til lagkameratene

    Tidligere Brann-spiller Robert Taylor skapte irritasjon da han takket nei til å spille for Finland i torsdagens EM-skjebnekamp mot Wales. Nå forklarer han seg.

    Taylor, som også har en fortid i Tromsø, spiller til daglig sammen med superstjernen Lionel Messi i Inter Miami.

    Kampen mot Wales er semifinale i omspillet i nasjonsligaen.

    – Jeg har stor tro på at Finland i disse svært viktige kampene trenger spillere som er hundre prosent i form, slik at vi forhåpentligvis kan sikre oss en plass i EM. Det hadde vært egoistisk av meg å ta denne muligheten fra en annen spiller, skriver Taylor på Instagram.

    – Fordi dette var en svært vanskelig avgjørelse å ta, tok det lengre tid enn forventet å komme fram til denne løsningen. Jeg vet at det har satt laget i en utfordrende situasjon, så jeg vil be om unnskyldning til lagkameratene og trenerne mine, legger han til. (NTB)

    Taylor
    Foto: AP
  • Konow med sammenlagtseier i verdencupen i telemark

    Kaja Bjørnstad Konow tok sammenlagtseieren i øvelsen klassisk distanse i verdenscupen i telemark mandag.

    Det var Konows første sammenlagtseier i verdenscupen.

    Den norske profilen tok annenplassen i mandagens avslutningsrenn i franske Pra Loup. Det holdt til å ta verdenscupkula hjem til Norge.

    Konow vant med 30 poeng ned til franske Augustine Carliez, og hadde 76 poeng til en annen fransk løper, Laly Chaucheprat, på tredjeplassen.

    Gøril Strøm Eriksen sørget for en god norsk dag mandag med tredjeplass i avslutningsrennet.

    På herresiden er Trym Nygaard Løken tilbake for fullt i verdenscupen. Han tok seieren i herrenes renn og var 1,9 sekunder foran franskmannen Elie Nabot.

    Jacob Alveberg kjørte inn til femteplass. (NTB)

    Kaja Bjørnstad Konow
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal