Hopp til innhold

AaFK-kapteinen: – Det er berre å beklage

Ein sterk Start-siger gjer at AaFK no må svare for låg poengfangst. To poeng på fire kampar er som natt og dag sett opp mot fjoråret.

Aalesund mot Start

Medan Aalesund-kaptein Jonatan Tollås Nation deppa etter tap, kunne Ernest Asante og trenar Mons Ivar Mjelde glise stort etter årets andre Start-siger.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Etter fire kampar i 2013-sesongen stod Aalesund med 12 av 12 moglege poeng. I år har ikkje sunnmørslaget vunne enno.

Jonatan Tollås Nation

Her har AaFK-kaptein Jonatan Tollås Nation vondt etter ein tøff duell. Poengfangsten for Aalesund i eliteserien gjer derimot også vondt for sunnmøringen.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Vi har venta på årets første siger i nokre kampar, og håpte på den i dag. Det håpte sikker alle på stadion her òg. Det er berre å beklage, det er ikkje bra nok det vi leverer, sa Jonatan Tollås Nation til NRK etter tap mot Start.

Zlatco Tripic sende Start i føringa, før Ernest Asante dobla til 0–2. Daniel Arnefjord reduserte like før slutt, men det blei verken siger eller poeng for Aalesund.

Medan Start no er oppe i sju poeng, slit AaFK i botnen av tabellen med to poeng.

– Eg føler vi fekk dårleg betalt i dei to første, men i dei to siste kampane har vi vore langt under par. Hadde vi visst kva som var grunnen kunne vi gjort noko med det, sa AaFK-kaptein Tollås Nation.

Start-jubel

Zlatko Tripic scora 1–0 mot Aalesund på Color Line Stadion.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Etterlengta første scoring

Heimelaget opna derimot godt på Color Line Stadion. Men etter fleire halvsjansar og moglegheiter var det Start som tok leiinga – etter 38 minutt.

Zlatko Tripic fekk ballen på 17 meter, og via AaFK-kaptein Jonatan Tollås Nation gjekk ballen i ein boge over Sten Grytebust og i mål til 0–1.

– Vi har sleppt inn mål første i dei andre kampane og var einige om å score det første målet no!, fortalde Tripic til NRK etter kampen.

Spelaren, som gjekk frå Molde til Start i vinter, synest i tillegg det var svært godt å sjølv stå bak scoringa.

– Eg har venta ei stund. Eg scora i treningskamp før sesongen og har kome til sjansar, men det var veldig gøy. Eg er godt fornøgd med målet, konkluderte han.

Ernest Asante

Ernest Asante sette inn si tredje scoring på fire kampar.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Tredje for sesongen

Heimelaget heldt på ballen og køyrde store delar av første omgang, men Start fekk scoringa. I andre omgang var det igjen bortelaget som var effektive.

Etter 59 minutt kom 0–2. Fredrik Ulvestad rota vekk ballen på eigen banehalvdel, og Espen Hoff fann Ernest Asante. Åleine med Grytebust trilla Start-angriparen ballen enkelt i mål.

Scoringa var Asante si tredje for sesongen.

– Første halvdel av første omgang er bra, før vi fell mot slutten. Andre omgang er utruleg rufsete. Vi blir for opptekne av å få ballen framover, får brot imot oss og blir straffa, meinte Tollås Nation.

– Sjølvtilliten er ikkje på topp

Like etter 0-2-scoringa sette AaFK innpå Tor Hogne Aarøy. Dei måtte ha redusering og lempa ballar oppover og inn på bortelaget sin halvdel.

Start kom til store moglegheiter på overgangar, men etter 89 minutt var det reduseringa som kom.

Eit frispark blei slått fint av Michael Barrantes og i feltet heada Daniel Arnefjord inn 1–2.

– Det er kult å score, men det betyr ingenting når vi taper. Vi står med to poeng etter fire, så sjølvtilliten er ikkje på topp, fortalde Arnefjord til NRK.

Etter scoringa blei det både ampert og eit enormt press mot Start-målet, men sørlendingane heldt unna og sikra sin andre siger på fire kampar.

Mons Ivar Mjelde

Start-trenar Mons Ivar Mjelde fekk meg seg tre poeng frå Color Line Stadion.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Mjelde ser oppover

Når Start i tillegg har spelt tre av kampane sine på bortebane, er trenar Mons Ivar Mjelde svært fornøgd med poengfangsten.

– I starten av sesongen er det viktig med jamt med poeng, og sju poeng er bra. Spesielt med vanskeleg bortekampar.

– Eg håper spelarane hentar ut meir inspirasjon. Vi går inn i ein periode med mange kampar, og det er viktig å vere nøye på detaljane. Som lag har vi tatt nokre steg, vi er i utvikling og det gler meg, sa Mjelde til NRK.

2-1-siger over AaFK meiner han var fortent, samstundes som han lenge trudde det ville bli 1–0.

– Vi er heldige som ikkje får ei scoring i sekken bak, men vi vaks oss sterkare og gjer ein veldig sterk bortekamp. Vi står distansen og tør å eige ballen trass i at vi er på Color Line Stadion.

Den tidlegare Brann-trenaren har fått tillit i sørlandsklubben på fjerde året. Når det i tillegg er kontinuitet i spelargruppa ser Mjelde lyst på framtida.

– Kontinuitet er viktig på både spelar- og trenarsida. Vårt mål er å utvikle oss vidare, og klarer vi å vere blant dei åtte øvste er det bra med føresetnadene. Men vi kjem gjerne endå høgare, avslutta Mjelde.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal