Manchester United-angriparen har slite med ein skade over tid, men blei friskmeldt før nederlaget mot Bayern München i Tyskland.
No vil derimot Wayne Rooney stå over dei resterande seriekampane, melder fleire britiske medium.
Det skal vere kjelder i Manchester-klubben som fortel at angriparen ikkje skal spele dei siste fem Premier League-kampane. The Telegraph, Daily Mirror, Metro og Daily Star er blant avisene som melder saka.
Dårleg tå må få ro
Det er ei svært dårleg, bresta tå som skal vere problemet for Rooney. Når Manchester United no er ute av Meisterligaen og er sjanselause på topp fire i Premier League, kan superspissen truleg bli kvilt.
– Det bresta beinet vil fikse seg sjølv, men det vil ikkje skje over natta, skal ei kjelde i klubben ha fortalt Daily Star.
Han gjekk på sterke smertestillande i München torsdag då laget trengde han, men han burde eigentleg ikkje spelt, seier kjelda vidare.
– Denne sesongen går mot enden og United har lite å spele for, så hovudprioriteringa hans er å vere sikker på at han er 100 prosent til VM-førebuingane.
Vil ikkje misse Brasil
Det er ikkje veldig vanleg at engelske spelarar blir kvilt for å vere klare for landslaget, men det kan United-manager David Moyes fort gjere no.
Moyes har allereie innrømma at det var Rooney sitt val om han ville spele mot Bayern München eller ikkje. No kan han truleg få kvile, slik at VM ikkje blir risikert.
England opnar fotball-VM i Brasil mot Italia om to månader. Då vil England-trenar Roy Hodgson gjere ha spissen i perfekt form, skriv engelske medium.