– Det er ein knallsterk prestasjon, seier Vebjørn Berg, NRKs ekspertkommentator i VM-sendingane.
– I eit verdscupstemne er det ofte nokon som manglar, men her er alle dei beste med. Derfor er det ein stor prestasjon, samstundes som det er utruleg surt at finaleplassen glapp, seier Berg.
20-åringen frå Moss fekk 416,3 poeng. Det heldt til 10.-plass. Berre åtte fekk plass i finalen.
Westerheim opna med sterke 105,2 på dei første ti skota. Dein ti neste gav 103,8, så 103,3, og avslutsninga 104,0.
Det aller siste skotet gav 10,3. Ein liten millimeter lenger til høgre, og ho hadde gått til finalen.
Westerheim var før VM rangert som nummer 14 i verda, og ho vart nummer fire i det siste verdscupstemnet, i Beijing.
Ho får ein ny sjanse på halvmatchen torsdag og fredag.