– Vi er i så god form at vi ikkje treng å ha flaks for å kjempe i toppen. Vi må berre unngå å ha uflaks, seier Aksel Lund Svindal.
Han og Kjetil Jansrud er blant storfavorittane når alpinistane skal køyre super-G i italienske Val Gardena i dqag. Ikkje minst etter at dei hadde dei to beste tidene på utfortreninga torsdag.
Sjå super-G-rennet på NRK1 og nrk.no frå kl 12.10.
– Botnsolid lag
Svindal er sjølve storfavoritten. Han har vunne tre av fire fartsrenn i verdscupen denne sesongen. Men han meiner at heile laget er botnsolide.
– Det skuldast enkelt og greitt godt utstyr og bra køyring frå start til mål. Både eg, Kjetil og Alex (Alexander Aamodt Kile) har vore bra i alle parti av løypa, vi har vore gode på glid, og vi har vore bra når det har vore teknisk vanskeleg, og i både stor og liten fart, seier han optimistisk.
– Det er klart det kan bli stang ut, men det er iallfall ikkje flaks/uflaks-greier. Det kan bli gode norske dagar sjølv om vi ikkje vaknar opp og har skote gullfuglen kvar dag, seier Aksel Lund Svindal.
– Normalt at det går fort
Han har vore best på utfortreningane både onsdag og torsdag, og seier at det er viktig å vere langt framme også når det ikkje er konkurransar.
– Eg er her for å vinne, og då er det viktig å kjenne at det er normalt at det går fort. For skal du vere blant dei beste i verda, må normalt vere godt. Elles blir du langt bak. Og så blir det god stemning i laget når vi gjer det godt på trening, sa Svindal etter treningsomgangen torsdag.
– Det er der vi bør vere.
Verdscupen i Val Gardena byr på super-G i dag og utfor i morgon. Søndag er det storslalåm i Alta Badia.