Hopp til innhold

Vraka som nasjonalt idrettsgymnas

Sirdal videregående skole får ikkje status som landslinje for skiskyting. No trur konstituert rektor Roger Grubben at toget er gått for Sirdal med tanke på ei landslinje også i framtida.

Skiskyttere

Sirdal videregående skole får ikkje status som landslinje for skiskyting.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Roger Grubben

Roger Grubben er landslagstrenar for dei norske skiskyttarane i tillegg til å vere konstituert rektor ved Sirdal videregående skole.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Det er litt surt og ein vert jo litt skuffa, men det var ikkje direkte overraskande, seier Grubben til NRK.

Skulen har fleire gonger søkt om å få bli landslinje for toppidrett, spesielt innan skiskyting. Denne gangen la skulen ekstra trykk i søkeprosessen.

Vil utvikle landslagsutøvarar

– Toget er vel truleg gått no sidan vi også har fått avslag tidlegare. Dette var eit nytt forsøk. Med tanke på at vi har fått avslag tidlegare var ikkje dette direkte overraskande. Det er ikkje stor nok politisk vilje til å opprette ei landslinje, seier han.

Det betyr ikkje at Sirdal videregående skole legg ned toppidrettssatsinga - tvert imot.

– Vi ynskjer å vere eit kraftsenter for toppidrett spesielt innan skiskyting, men vinteridrett generelt, for sørlandsregionen. Vi vil samle kompetanse og vere ein stad der ein kan utvikle seg til å bli ein landslagsutøvar, seier Grubben.

– Vi vil satse som vi har gjort. Vi har målsetning om å vere best i landet på kombinasjonen toppidrett og utdanning. Vi har høge målsetningar og vil satse på å utvikle oss både skulemessig idrettsleg uansett, seier han.

Sirdal videregående skole

Sirdal videregående skole vil satse tungt på toppidrett også i framtida, trass i at dei ikkje får status som landslinje i skiskyting.

Foto: Avisen Agder

Konkurrerer om talenta

Avslaget på å bli landslinje vil gjere vegen tyngre for til dømes skiskyttartalent som ynskjer seg til Sirdal. Skulen i Sirdal må mellom anna konkurrere med Norges Toppidrettsgymnas om å trekkje til seg dei største talenta.

– Det blir mykje jobbing mot fylkeskommunar der det fins elevar som er interessert i å komme til oss og som må ha gjesteplassgaranti. Det betyr i praksis at vi konkurrerer med dårlegare konkurransevilkår enn dei reelle konkurrentane som er private, først og fremst NTG-skulane, seier Grubben.

– Men eg trur det som betyr mest er den sportslege kvaliteten på kombinasjonen skule og utdanning. Eg trur det er det dei ser etter først og fremst, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %