Hopp til innhold

Vil seksdoble medlemstalet

Start sin supportarklubb Tigerberget er meir optimistiske enn på lenge. Denne sesongen vil dei auke medlemstalet betrakteleg.

Tigerberget

Tigerberget har ambisjon om å auke meldemstalet denne sesongen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi har fått inn folk som verkeleg har lyst til å jobbe for supportarklubben. Vi har mange nye idear og skal lage meir liv på stadion, Jorunn Stomnås til NRK.

I fjor hadde Tigerberget kring 150 medlemmar. Det er milevis bak redkordåret 2006 då klubben hadde over 2400 medlemmar.

I løpet av denne sesongen er målet å nå 700-800 medlemmar.

Vil markere seg

 Eliteserien fotball 2014: Start-Brann. Starts spillere jubler etter at Espen Hoff (med ryggen til)

Tigerberget lovar Start-spelarane god støtte frå tribuna.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Vi har fleire planar og har mellom anna planlagt mange «stunt» for å få det til. Men det vil merkast framover. Vi skal vise at det verkeleg er verd å vere med i Tigerberget, seier ho.

Ifølgje Stomnås vil dei mellom anna tilby fleire medlemsfordelar enn tidlegare.

– Dersom vi lukkast vil spelarane verkeleg føle støtte. Vi kjem til å bli fleire, og det vil merkast, seier ho.

Dei siste åra har supportarklubben måtte avlyse fleire turar til bortekampar på grunn av for få påmelde. Den trenden vil dei no snu. Målet er å setje opp tur til ni bortekampar.

– Det er så gøy å vere på bortekamp, og eg håpar verkeleg at folk har lyst til å vere med. Er vi mange nok kan det hende vi klarer å setje opp ein eigen buss for familiar, seier Stomnås.

Glad for lokal satsing

Nestleiaren har tru på ein god Start-sesong trass i at klubben har mista fleire rutinerte spelarar, som Amin Nouri og Glenn Andersen. I tillegg er Alejandro Castro på veg ut. Inn har det komme ei rekkje lokale spelarar.

– Eg trur vi må vere litt tålmodige. Dei unge treng å utvikle seg, men vi har full tillit til Start og trur det kan bli veldig bra, seier ho.

– Fleire lokale spelarar har vore ynskt av publikum. No har dei fått det dei ynskjer seg og det trur eg vil vise att på tribunane gjennom fleire tilskodarar, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %