Hopp til innhold

Vil ha Walk of Fame-gate i Grimstad

Frp-politikar Lars Erik Ødegården meiner at Grimstad har så mange kjendisar at han vil ha ei eiga Walk og Fame-gate.

Lars Erik Ødegården og Walk of fame

Lars Erik Ødegården vil ha Walk of fame i Grimstad.

Foto: Miriam Grov/NRK

Hushovd

Thor Hushovd er nok ein heit kandidat til å få namnet sitt i gågata.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Lillian Müller

Lillian Müller er ein av kandidatane.

Foto: TVNorge
– Akkurat som dei har i Hollywood med Walk og Fame, seier Ødegården til NRK.

Han dreg mellom anna fram syklistane Thor Hushovd og Dag Otto Lauritzen og, tidlegare Playboy-modell Lillian Müller.

Ødegården ser føre seg at desse er blant kjendisane som bør få si eiga helle i lakseraud fjæregranitt med gullstjerne og namn på gågata.

– Vil skape liv og røre

– Det er ganske spesielt at ein liten by som Grimstad har så mange personar som har gjort seg bemerka utanfor landegrensa, seier Frp-politikaren.

Han nemner også forfattar Henrik Ibsen og polarforskar Tryggve Gran, som begge brukte deler av sine liv i Grimstad.

– Eg trur det kunne har vore litt nytt og spennande. Så er det noko som vil dra litt folk til øvre del av sentrum, og skapte litt liv og røre i dei koselege gatene, seier han.

– Så tykkjer eg faktisk at desse personane har utmerkt seg på ein så positiv måte også i andre land, at dei bør få ein ekstra liten status i byen, seier han.

US-PEOPLE-WALK OF FAME-BULLOCK

Skodespelar Sandra Bullock er blant skodespelarane som har fått sin stein i Hollywood.

Foto: FRAZER HARRISON / AFP

Vil sette ned kjendiskomitè

Han trur ikkje det blir problematisk å fylle store deler av gågata med nok stjerner.

Anne Elisabeth Jensen, Turistsjef i Grimstad

Turistsjef Anne Elisabeth Jensen.

Foto: Miriam Grov/NRK

– Vi kan finne 10–15 personar i starten. Så har vi nokre unge lovande som er på gang. Vi har jo ein country-gut, som kanskje slår gjennom internasjonalt, seier Ødegården og tenker på Steffen Jakobsen som kom på 3. plass i TV2-programmet Idol i fjor.

Frp-politikaren vil no setje ned ein komité for å komme opp med aktuelle namn.

– Ein slik komité kan site i 4–5 år og velje ut kandidatar etter innspel frå innbyggjarane. Dei må vurderast ut ifrå ulike kriterium som sjølvsagt fleire vert einige om. Vi må finne ut kva som skal leggjast til grunn for å få ei helle i gågata, seier han.

Ødegården får støtte frå turistsjef Anne Elisabeth Jensen som tykkjer at ideen er god.

– Det er veldig mange kjende i Grimstad, som framleis bur her, er fødde her eller har budd her ein periode. Dei skulle vi gjerne ha framheva. Det kan gjere innbyggjarane stolte og mange turistar vil få ei positiv oppleving og kan tenke «jøss, er han eller ho frå Grimstad», seier turistsjefen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %