Hopp til innhold

Vil ha slutt på lekser i skulen

Leiaren i oppvekstkomiteen i Grimstad, Knut Mørland (KrF), vil fjerne heimeleksene til elevane i kommunen. Han hevdar at han har støtte frå både lærarar og foreldre.

Skolearbeid

KrF-politikar Knut Mørland vil ha slutt på lekser i skulen i Grimstad.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Stakkars lærarar som skal rette heimelekser, gi heimelekser og rette heimelekser. Eg vil at lærarane skal bruke meir tid på å førebu timen, heller enn å rette lekser, seier Mørland til NRK.

– Når eg snakkar med lærarar er dei samde. Når eg snakkar med foreldre er dei samde. Dei spør kvifor det ikkje er gjort tidlegare, seier KrF-politikaren.

Dårlegare i matte

Tysdag vart dei nye Pisa-tala lagt fram. Tala viser ein overraskande nedgang i matematikkresultata. Faktisk har ikkje norske elvar vore dårlegare i matematikk sidan Norge byrja å Pisa-teste elevane.

Det meiner Venstre-politikar Øystein Haga er ei viktig årsak til å ikkje kutte leksene. Han har jobba som lærar i den vidaregåande skulen i 40 år.

– Eg er tvilande til den retorikken. Dette har eg høyrt fleire gonger tidlegare. Leksearbeid er ein viktig del av den vidaregåande skulen. Då tykkjer eg overgangen frå grunnskule til vidaregåande skule er problematisk dersom ein ikkje øver eller brukar lekser som ein læringsprosess i grunnskulen, seier Haga.

Knut Mørland

Knut Mørland (KrF) hevdar at han har med seg både lærar og foreldre på at leksene bør fjernast.

Foto: Ludvigsen, Benedicte Goa / NRK

Vil tenkje nytt

Mørland meiner det er på tide å tenkje nytt i den norske skulen.

– Vi har hatt lekser dei siste hundre åra. Det har vore lekser, lekser og lekser. Eg prøver å få med meg politikarane til å tenkje nytt, seier han.

Øystein Haga

Øystein Haga (V) har ikkje tru på ein leksefri skule.

Foto: Sundsdal, Svein / NRK

KrF-politikaren meiner også at det er mange elevar slit med leksene fordi ikkje alle foreldre er like flinke i til dømes matematikk.

– Har dei dyktige foreldre er det veldig greit. Men eg meiner at dette skal liggje i skuletida, seier han.

– Må tilpasse leksene

Øystein Haga er samd i at det er skilnad i kva foreldre kan hjelpe barna med på heimebane. Likevel meiner han at lekser er viktig.

– Eg trur det er viktig at elevane tidleg lærer seg å jobbe sjølvstendig. Uavhengig av foreldra og at dei prøver å jobbe med leksene og tilpasse leksene med det stoffet dei kan, seier Haga.

– Det er læraren som kan faget og som er pedagogar. Det er dei som skal lære elevane det dei skal lære. Det skal skje i skuletida. Elevane lærer seg å jobbe på skulen akkurat som folk i vanleg arbeid. Ingen har lyst til å ha med seg heimearbeid, seier Mørland.

Øystein Haga har inga tru på at Mørland vil få gjennomslag for leksefri skule i Grimstad.

– Eg trur ikkje det er mogleg. Eg trur det er veldig viktig at ein har eit trykk på lekser. Det kjem ein vidaregåande skule som jobbar systematisk og brukar leksene som eit pedagogisk grep, seier Haga.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %