Hopp til innhold

Vil gjere heimebana til eit fort

Start-trenar Mons Ivar Mjelde vil sanke fleire poeng på heimebane enn i fjor. Han meiner sigeren mot Haugesund søndag kan vere starten på ein god heimesesong.

Start

Start-spelarane jublar for siger over Haugesund søndag. No håpar trenar Mons Ivar Mjelde på meir jubel i dei kommande heimekampane.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Mons Ivar Mjelde

Start-trenar Mons Ivar Mjelde på sidelinja under oppgjeret mot Haugesund søndag.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Vi ynskjer å ta fleire poeng heime. Det er her folk i lokalmiljøet kjem for å sjå oss. No la vi eit godt grunnlag med siger i første heimekamp, seier Mjelde til NRK.

Etter seks magiske minutt snudde Start kampen mot Haugesund søndag ettermiddag. Laget låg under 0–1 til pause med snudde kampen med tre mål på seks minutt i andre omgang.

20 av 45 poeng heime

– Vi møtte ikkje nokon middelhavsfarar. Vi møtte eit lag som tok bronse i fjor. Haugesund har eit solid mannskap som har jobba godt over lang tid. Det står respekt av å slå dei 3-1, seier Mjelde.

I fjor tok Start 20 av 45 moglege poeng på heimebane. Det var berre to poeng meir enn på bortebane. I tillegg sleppte laget inn 23 mål heime i fjor.

Kun Vålerenga og Sogndal sleppte inn fleire på eige gras.

– Under evalueringa av fjorårssesongen såg vi at vi hadde ein OK bortesesong. Men vi tok for få poeng heime, seier Mjelde.

Publikumssvikt

Berre i overkant av 5000 tilskodarar hadde funne vegen til oppgjeret mot Haugesund søndag. Startsjef Magne Kristiansen håpar tilskodartalet tek seg opp utover sesongen.

– Vi har eit budsjett på 6500 tilskodarar. Vi veit av erfaring at Haugesund ikkje er laget som trekk flest tilskodarar. Neste heimekamp er mot Viking, og då håpar vi det blir betydeleg fleire tilskodarar, seier Kristiansen.

Kristiansen vedgår at det var stort å sjå innbytarane Babacar Sarr og Gudmundur Kristjansson komme inn å snu kampen søndag ettermiddag.

– Eg hadde det godt. Første omgang var svak og det vart spelt mykje på tvers. Det er berre utruleg korleis dei kjem inn og snur. Haugesund hadde ikkje mange sjansar i andre omgang, seier han.

Intervju Med Mons Ivar Mjelde og Jostein Grindhaug, etter at Start slo Haugesund 3-1 i Kristiansand.

VIDEO: Sjå intervju med Start-trenar Mons Ivar Mjelde og Haugesund-trenar Jostein Grindhaug etter søndagens kamp.

Intervju med Gudmundur Kristjansson og Zlatko Tripic, etter 3-1 seieren over Haugesund I Kristiansand.

VIDEO: Sjå intervju med Gudmundur Kristjansson og Zlatko Tripic etter søndagens oppgjer mot Haugesund.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %