Hopp til innhold

Verdas minste rev til Dyreparken

Ein ørkenrev vart vist fram for første gang i Dyreparken i Kristiansand. Men sjarmøren våga seg ikkje ut av «huset» sitt.

Ein ørkenrev vart vist fram for første gang i Dyreparken i Kristiansand. Men sjarmøren våga seg ikkje ut av «huset» sitt.

BESKJEDEN: Den nye ørkenreven i Dyreparken gjorde lite ut av seg då den vart vist fram for første gang onsdag.

– Han er veldig spesiell. Den er jo veldig liten og har utruleg store øyre i forhold til resten av kroppen, seier dyrepassar Michael Jansen til NRK.no.

Ørkenreven, som førebels ikkje har fått noko namn, vågde seg ikkje ut av «huset» sitt når dørene vart opna onsdag morgon.

Reven lever i ørkenen i Nord-Afrika og er sårbar på grunn av jegerar som er ute etter pelsen. I tillegg blir den meir og meir populær som kjæledyr.

– Dei store øyra er med på å regulere kroppstemperaturen. I tillegg har den tjukk pels slik at den toler litt kaldare vêr. Ørkenreven har også hår på potane slik at den toler varme frå sanden. Den er temmeleg robust, seier dyrepassaren.

Jaktar med øyra

Dei store øyra blir også brukt i jakta etter mat.

– Den høyrer ekstremt godt og lyttar ned i jorda etter insekt. Når den høyrer noko grev den seg ned og skaffar seg eit måltid, eier han.

Ørkenreven kom til Kristiansand med fly for ein månad sidan. Sidan har den site i karantene. Førebels er den einsleg i inngjerdinga i Dyreparken, men etter planen skal det komme ei tispe frå Tyskland om to veker.

– Vi får håpe det blir litt romantikk slik at det blir fleire etter kvart, ler dyrepassaren.

Michael Jansen

REV: Dyrepassar Michael Jansen viser fram ørkenreven.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Søt og fengjande

– Så langt har den i alle fall blitt teken godt imot. Det er eit søtt og fengjande dyr. Det blir spennande å sjå korleis han vil like seg her, men det trur eg skal gå bra, seier Jansen.

Med ørkenreven på plass har Dyreparken mellom 600 og 700 dyr. Det er totalt 140 dyreartar og nye er på veg.

– Vi jobbar alltid med å få nye dyr til parken. Så vi får vente å sjå kva det neste blir. Det er alltid kjekt med nye dyr og nye artar, smiler Jansen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %