– Det kan bli ei fantastisk ramme rundt kampen om supportarar frå bortelaget fyller ei langside i Sør Amfi og lagar skikkeleg stemning, seier dagleg leiar i ØIF Arendal, Rune Jakobsen til NRK.
I helga skal arendalittane spele to kampar mot KH BESA Famiglia frå Kosovo i EHF-cupen.
Det er venta minst 150-200 supportarar frå Kosovo og Albania, som til dagleg bur på Sørlandet, Stavanger og på Austlandet.
– Vil støtte våre landsmenn
– Det blir sang, tramping, hopping og skriking. Dei vil merke at vi er der og dei vil merke at dei ikkje er vande med dette. Det blir noko heilt anna enn kubjellene som nordmennene er vande med, seier Mentor Rashica.
Han organiserer minst ein buss frå Kristiansand. I tillegg er det venta bussar med supportarar både frå Stavanger og Larvik. Det vert også jobba med å setje opp buss frå Oslo.
– Vi likar å vise våre landsmenn at vi støttar dei og prøver å backe opp kvarandre. Folk er flinke til å stille opp, seier han.
Rashica trur langt fleire hadde møtt opp dersom Albania ikkje skulle ha spelt EM-kvalifisering i fotball mot Serbia torsdag.
– Det er veldig mange som reiser til Albania på den kampen som truleg ikkje er tilbake til handballkampane, seier han.
Kontakta politiet
ØIF Arendal tek sine forholdsreglar før europacupkampen. Dei set av ein eigen tribuneseksjon til bortesupportarane. I tillegg er politiet orientert.
– Vi er ikkje bekymra for sikkerheita. Vi har kontakta politiet som vi gjer før alle heimekampar. Dei har kontroll på det dei skal ha kontroll på, seier Jakobsen.
Rashica garanterer at det kjem til å gå roleg føre seg.
– Eg kan garantere at det ikkje blir noko bråk. Det blir berre kos. Eg trur heller at sørlendingane kan lære litt av oss. Nordmenn er så forsiktige, ler han.
– Dei vil feie oss av bana
Der får han støtte av både ØIF-trenar Marinko Kurtovic og leiar i supportarklubben Svermen, Jørn Holmestrand.
– Folk vil sjå at det er eit heilt anna trøkk andre stader enn vi har her heime. Nokon kritiserer oss i Svermen for at vi bråkar. No skal dei få sjå korleis ein supportargjeng verkeleg kan trøkke til. Eg er redd dei vil feie oss av tribuna i denne settinga, seier Holmestrand.
– Når folk frå Balkan lagar stemning både ser og merkar du det. Eg gler meg. Vi har mykje å lære, seier Kurtovic.
Han har tidlegare etterlyst Balkanstemning i Sør Amfi.
– No kjem det endeleg. Dei seier dei blir 200, men eg håpar dei blir endå fleire. Men 200 vil høyres ut som 1200 supportarar, seier Kurtovic.