Hopp til innhold

Usikker på om han held fram som ordførar

Kjetil Torp (KrF) har vore ordførar i Vegårshei i fire år, men veit ikkje om han får halde fram som ordførar trass i godt valresultat.

Kjetil Torp

Kjetil Torp veit ikkje om han blir ordførar i Vegårshei den neste perioden.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Det kan eg ikkje svare på no. Hadde det berre vore opp til meg hadde eg vore klar no, ler Torp.

KrF i Vegårshei fekk 26,2 prosent av stemmene og gjekk med det fram 5,2 prosenpoeng samanlikna med førre val.

KrF har samarbeidd med Høgre og Senterpartiet dei siste fire åra. Senterpartiet gjekk fram 6,6 prosentpoeng frå førre val og fekk 24,1 prosent av stemmene. Høgre gjekk kraftig tilbake med 8,7 prosentpoeng til 14,2 prosent.

Det var Arbeiderpartiet som vart det største partiet i kommunen med 29,5 prosent av stemmene.

– No skal vi setje oss ned i morgon. Så får vi sjå kva vi kjem fram til. Eg blir overraska om vi er klar i morgon. Vi skal bruke god tid, seier Torp.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %