Hopp til innhold

Tung dag for Olsbu: – Det var heilt forferdeleg

Marte Olsbu frå Froland var ikkje i nærleiken av toppen på 15 kilometeren i verdscupen i skiskyting.

Marte Olsbu
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Olsbu enda til slutt på ein 69. plass over åtte minutt bak Darya Domracheva frå Kviterussland som vann distansen i Østersund.

Olsbu pådrog seg fire tilleggsminutt på standplass.

– Det var kjempetungt. Det var berre heilt forferdeleg, seier Olsbu til NRK.

Drøymde om siger i natt

Det var vanskelege forhold i løypa, som sørlendingen ikkje takla.

– Det var kjempelaust og eg følte eg stod og stampa og ikkje hadde framdrift, seier skiskyttaren som er inne i sin første sesong på elitelandslaget.

Frolendingen fortel at ho drøymde om 20 treff og siger i natt. Slik vart det definitivt ikkje.

– Eg får håpe det skjer ein gong seinare, ler ho.

– Det er litt for dårleg på alle skytingane. Eg dreg med meg den defensive kjensla frå løypa inn på standplass. Då vert det litt sånn halvvegs, seier skiskyttaren.

  • Les også: Marte Olsbu nummer 10 på fellesstarten

Eckhoff nummer sju

Olsbu har som mål å gå seg inn på stafettlaget til VM seinare denne sesongen. Det trur ho er realistisk.

– Eg hadde ein litt ruskete sommar, men har hatt kjempeframgang i haust. Forma har berre peika oppover, så det var litt kjipt å få ein slik start som i dag, seier ho.

Tiril Eckhoff vart beste nordmann på ein 7. plass. Eckhoff var nesten to og eit halvt minutt bak Darya Domracheva i mål med to tilleggsminutt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %