Hopp til innhold

Truleg badebåt i Grimstad til sommaren

Det vert truleg badebåt i Grimstad også til sommaren. Rådmannen i kommunen føresler at kommunen garanterer for eit eventuelt underskot.

Skjærgård

Badeglade sørlendingar får truleg tilbod om badebåt i Grimstad til sommaren. Bilete er frå Homborsund i Grimstad.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Rådmannen har føreslått at kommunen skal dekke opptil 50 000 kroner for å dekke eit eventuelt underskot.

– Det er vi nøgde med. Vi meiner det er nok til at vi med stor sikkerheit kan køyre badebåt i sommar også, seier John Henrik Aas i Kystlaget Terje Vigen.

I fjor brukte dei den gamle skøyta MS Osterøy som badebåt i skjærgarden i Grimstad. Det er Kystlaget Terje Vigen som eig båten.

Aas er klar på at dei treng økonomisk støtte til å drive badebåten.

– Kystlaget er ein ideell organisasjon som ikkje har særleg mykje pengar å bruke. Vi reknar med at inntektene våre kjem til å dekke utgiftene. Då er vi nøgde, seier han.

Dermed vert det truleg badebåt tre dagar i veka gjennom heile juli.

– Badebåten var veldig populær i fjor då vi prøvde det for første gong i samarbeid med turistkontoret og Grimstad Min By. Det fungerte veldig godt og vart godt motteke. Så var vi utruleg heldige med vêret. Det betyr ein del, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %