Hopp til innhold

Truga med å drepe politimann og brenne ned NAV-kontor

Ein mann (31) frå Lyngdal er dømd til seks månader i fengsel etter fleire trugslar mot politiet og NAV.

illustrasjon

Ein 31 år gammal mann truga med å brenne ned NAV-kontoret i Lyngdal om han ikkje fekk det som han ville. (Illustrasjonsfoto)

Foto: NTB Tema

Den første episoden fann stad på NAV-kontoret i Lyngdal i juli i fjor.

Mannen hadde betalt husleige for seint og oppsøkte kontoret for å få fortgang i ein søknad om pengar.

Ein tilsett ved NAV-kontoret forklarte at søknaden var mangelfull.

Medan han fekk hjelp til å fylle ut søknaden, sa han at dersom han ikkje fekk positivt svar ville han «rane ein bank eller noko», går det fram i dommen frå Lister tingrett.

Truga med å drepe politimann

I fjor haust møtte han på nytt opp på kontoret. Denne gongen fortalde 31-åringen at han hadde mista leilegheita si og at han søkte NAV om naudbustad.

I samtale med ein NAV-tilsett skal mannen ha reist seg opp og forklart at han måtte ha bustad med ein gong.

Mannen forklarte vidare at han hadde utøvd vald tidlegare og kunne ty til dette igjen. I det same møtet kalla han den NAV-tilsette både hjernedød, idiot og rasist.

Han skal også ha uttalt at han kanskje måtte ta livet av ein politimann for at dei skulle høyre på han.

I retten innrømte mannen at han forstår at den tilsette kunne oppfatte han som trugande.

Meiner NAV-tilsett misforstod

Dagen etter var han tilbake på NAV-kontoret. Han bad om å få snakke med ein tilsett som ikkje var tilgjengeleg.

Då skal han ha sagt at dersom han ikkje fekk hjelp, ville han komme tilbake om natta å sette fyr på heile NAV.

I retten sa mannen at han ikkje kunne hugse å ha truga med å brenne ned kontoret. Han meiner at han vart misforstått.

Domfelt ni gonger på seks år

Mannen er også dømd for oppbevaring av hasj og kokain. Mannen forklarte i retten at han hadde kjøpt stoffet til eige bruk, men at han hadde selt deler av det for å tene pengar til livets opphald.

Lister tingrett la vekt på at mannen er domfelt ni gonger mellom 2009 og 2015.

Fleire av dommane inneber vald og trugslar. I 2015 vart han dømd til elleve månaders fengsel etter fire tilfelle av vald mot politiet.

Han er også teken seks gonger for bilkøyring utan førarkort.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %