Hopp til innhold

Trudde ikkje det han såg

Arbeidarpartiet i Valle trudde knapt sine eigne auge då dei såg valresultatet måndag kveld. Partiet fekk 51,8 prosent av stemmene.

Steinar Kyrvestad

Steinar Kyrvestad vert ny ordførar i Valle.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Valglogo

– Det er nesten så eg ikkje trur det. Ein blir heilt skjelven i heile kroppen av ei slik oppleving. Samstundes har bygda sagt tydeleg ifrå kva dei vil, seier Ap sin ordførarkandidat Steinar Kyrvestad til NRK.

Alt tyder på at han igjen kan ta på seg ordførarkjedet i kommunen.

Mellom 1999 og 2007 var han Senterpartiet sin ordførar i kommunen.

Tarald Myrum

Tarald Myrum fekk ikkje fornya tillit som ordførar i Valle.

Foto: Svein Sundsdal

No er han altså tilbake som ordførar for Arbeidarpartiet.

Tek over etter Myrum

– Det er spennande. Som interessert i lokalpolitikk og lokalsamfunn er det ei stor utfordring å komme i ordførarposisjon og jobbe til det beste for vårt bygdesamfunn, seier Kyrvestad.

Det er Senterpartiet som har hatt ordføraren den siste perioden.

Det er Tarald Myrum som har vore ordførar.

Kyrvestad trur det er fleire årsaker til at Arbeidarpartiet fekk eit resultat dei knapt hadde turt å drøyme om.

– Veljarane ynskte eit skifte

– Vi har gjort eit godt arbeid gjennom fire år. Vi er ein godt samla gjeng både i kommunestyregruppa, styret og i medlemsmassen, seier Kyrvestad.

– I tillegg trur eg diskusjonen kring sentrumsbygget har gjort sitt. Så har det vore ei samla vurdering frå veljarane at dei ynskjer eit skifte og at Ap skal styre dei neste fire åra, seier den nye ordføraren.

Valresultat Valle 2015
Foto: NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %