Hopp til innhold

Toppolitikar vil stille med ØIF-skjerf på talarstolen

Stortingsrepresentant Ingebjørg Godskesen hyllar ØIF Arendal sine sterke prestasjonar med ein sjølvstrikka gensar. Samstundes lovar ho eit «stunt» i Stortinget om det blir seriegull.

Strikka ØIF-gensar

Ingebjørg Godskesen har strikka ein ØIF Arendal-gensar.

Foto: Privat

– Eg er oppteken av å følgje reglane, så eg torer nok ikkje å ta på meg drakta. Men eg skal i alle fall ha på meg eit ØIF-skjerf om vi vinn seriegull, seier Godskesen til NRK.

Kjærleiken til eliteserielaget i handball har gjort at ho har strikka ein gensar med klubblogoen. Etterkvart skal ho også brodere inn viktige datoar i klubbhistoria.

– 31. desember då vi vann cupgullet skal sjølvsagt vere med. Så håpar eg å kunne brodere inn seriegullet også, og kanskje namnet til nokre av dei viktigaste spelarane. Til dømes Andre Jørgensen Hofstøl, som eg tykkjer har gjort ein veldig bra jobb for klubben, seier ho.

På talarstolen i Brann-drakt

Heikki Holmås

Heikki Holmås på talarstolen i Brann-drakt i 2007.

Foto: NRK
Ingebjørg Godskesen

Ingebjørg Godskesen er stor tilhengar av ØIF Arendal.

Foto: Svein Sundsdal/NRK
Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Sportsleg leiar i ØIF Arendal, Per Carsten Michelsen.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

I 2007 gjekk SV-politikar Heikki Holmås på talarstolen i Brann-drakt etter at klubben hadde sikra sitt første seriegull på 44 år.

Godskesen var sjølv på tribuna då ØIF Arendal vann cupgull i Oslo spektrum i desember. Der såg ho klubben sikre sin første tittel nokonsinne.

– Den kjensla då vi forstod at det gjekk mot siger er nesten ubeskriveleg. Det var ein sigersrus og lykkerus for alle. Du må nesten vere der for å forstå det, seier Godskesen.

– Eg er utruleg stolt av ØIF Arendal. Fleire av spelarane har vokse opp saman med mine barn. Det gjer at klubben har blitt trekt meir og meir til hjartet mitt, seier ho.

Frp-politikaren var tilstades i Drammenshallen då arendalittane slo Drammen i førre veke.

– Der strikka eg faktisk den eine armen på gensaren for å få litt ekstra «guts» inn i maskene, ler ho.

Håpar på ØIF-skjerf i Stortinget

Dersom Bodø tapar borte mot Haslum, samstundes som ØIF slår Stord i neste serierunde, er seriegullet eit faktum.

Sportsleg leiar i ØIF Arendal, Per Carsten Michelsen, er stolt over engasjementet til Godskesen. Han håpar å få sjå ØIF-skjerfet i stortingssalen.

– Det hadde vore stort. Då skal vi følgje tv-sendingane. Det hadde vore ei veldig spesiell oppleving, seier han.

– Eg veit at gutta hadde sett veldig pris på det. Vi tykkjer at det er veldig moro at ho torer å fronte oss på det viset. Ho er ein veldig viktig supportar for oss, seier Michelsen.

Taket i Oslo Spektrum holdt på å lette da ØIF Arendal vant sin aller første cupfinale i håndball.

Sjå video frå jubelscenene i Oslo spektrum då ØIF Arendal sikra gull i cupen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %