Hopp til innhold

Tomme lokale på Sørlandssenteret

Delar av Sørlandssenteret slit med å få hjula til å gå rundt. Tomme lokale og få kundar tærer på reservane i fleire bedrifter.

Deler av Sørlandssenteret sliter med å få hjulene til å gå rundt. Tomme lokaler og få kunder tærer nå på reservene til flere bedrifter.

VIDEO: Mange butikkar på Sørlandssenteret slit under byggjinga.

– Det første året har vore stillare enn vi hadde venta. Vi hadde håpa litt meir folk og vi ser fleire som slit. Vi skulle ha ynskt at det var litt meir folk enn det har vore, seier Christina Husebye Mathisen ved dyrebutikken Dyrego til NRK.no.

Du står ikkje i mykje kø når du handlar i den nye delen av Sørlandssenteret som opna for eitt år sidan. Også kundane merkar at det er lite folk i det splitter nye bygget.

– Eg har akkurat komme inn og det ser veldig stille ut, seier Vidar Kristensen.

– Eg har ikkje inntrykk av at det er veldig mykje folk til ei kvar tid. Det er mogleg det er litt roleg ja, seier Birger Ståhl.

Opnar ny del

I neste veke vert denne delen utvida ytterlegare, og til neste år skal nye og gamle Sørlandssenteret vere samanhengande. Dei som allereie er etablert trur det blir vanskeleg å fylle lokala med berekraftige bedrifter.

Senterleiinga vil ikkje kommentere saka, men andre butikkeigarar NRK.no har snakka med seier det er vanskelege tider.

Dei beskriv situasjonen blant anna slik: «tragisk», «vi skulle aldri ha etablert oss her» og «det hadde aldri gått utan store konsern i ryggen».

– Det er litt synd at det står tomme lokal her. Vi trudde det skulle komme fleire butikkar, men det har ikkje vore mogleg å få inn, seier Husebye Mathisen.

Sørlandssenteret

UTBYGGJING: I neste veke opnar ein ny del på Sørlandssenteret.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Trur på oppsving

Sørlandsparken Næringsforeining meiner at nokon må blø i ei så stor og langsiktig satsing som Sørlandssenteret.

– Du vil oppleve at enkeltbutikkar slit. Det her heilt naturleg at når du deler eit senter i to så vil du få eit år eller to som er skikkeleg tøffe. Slik er det berre, seier leiar i foreininga, Erik Rostoft.

– I det du kan gå frå den eine delen av senteret til den andre vil situasjonen endre seg, trur han.

– Totalt sett vil det vere behov for eit slikt senter, også med tanke på at det blir ein shoppingdestinasjon folk reiser til og blir lenger, seier Rostoft til NRK.no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %