Hopp til innhold

Tok NM-sølv to månader etter fødselen

Berre to månader etter fødselen var Trine Mjåland tilbake i konkurranse. Sørlendingen tok sølv under NM i terrengløp i Stavanger.

Trine Mjåland

Trine Mjåland tok sølv under NM i terrengløp i Stavanger. (Arkivfoto)

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Eg legg ikkje skjul på at eg har vore veldig heldig etter fødselen i februar. Her stilte eg opp for å få testa det fysiske og det mentale, og begge deler bestod testen, seier Mjåland til friidrett.no.

I mål var kristiansandaren 4,7 sekund bak Eli Anne Dvergsdal frå bergensklubben Gular, som vart norsk meister.

Jaktar EM-kravet på 800 meter

Mjåland vart mor til ein gut i februar. Omtrent rett etter målgang bar det heim til sonen.

Ifølgje friidrett.no ordna arrangøren ein eigen medaljeseremoni for Mjåland slik at ho kunne komme seg raskast mogleg heim.

Det store målet for 800 meter-løparen denne sesongen er EM i Amsterdam.

I mai startar ho jakta på EM-kravet som er på 2.02,90. Mjåland sin personlege rekord er frå eit stemne i Belgia i fjor på 2,01,69.

Hans Kristian Fløystad

Hans Kristian Fløystad tok NM-gull i terrengløp i Stavanger. (Arkivfoto)

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Elitestemnet på Hamar 18. mai kjem for tidleg, difor blir det nok i slutten av mai eller under Bislett Games. Då skal eg vere i slag, seier Mjåland.

Fløystad norsk meister

Hans Kristian Fløystad frå Grimstad vart norsk meister i herreklassa. Han vann to tidelar føre Jakob Ingebrigtsen frå Sandnes.

Erik Udø Pedersen frå Mandal vart nummer seks, medan Kristian Tjørnhom frå Kvinesdal kom på 8. plass 12 sekund bak NM-vinnar Fløystad.

Amalie Sæten frå Kristiansand vart nummer fire i juniorklassa.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %