Hopp til innhold

To syklistar til sjukehus etter kollisjon

To menn er sende til sjukehuset i Flekkefjord etter at dei køyrde i ein bil i Kvinesdal.

Ulykke i Kvinesdal

Ulykka skjedde ved Åmot industriområde i Kvinesdal.

Foto: Lars Eie/NRK

– Eg veit førebels ikkje kor alvorleg ulykka er, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Audun Eide til NRK.

Den eine syklisten skal ha vore bevisstlaus då han vart henta av ambulanse.

Dei første meldingane gjekk ut på at ein bil hadde køyrt på dei to syklistane.

– Så vidt vi har fått opplyst skal dei to syklistane ha treft ein bil som stod i eit kryss. Skadeomfanget er litt uklart. Den eine skal vere lettare skada, medan den andre er vi litt usikker på, seier innsatsleiar i politiet, Bjørn Pedersen.

Ulykka skal ha skjedd i Hamrebakkane i Kvinesdal.

Ulykka skjedde ved 16.40-tida.

Luftambulanse var på veg til staden, men vart seinare send tilbake.

Ifølgje Agder politidistrikt vart dei no undersøkt ved sjukehuset i Flekkefjord. Mennene skal ha klaga over smerter i kroppen.

To personar er sende til sjukehuset i Flekkefjord etter at dei køyrde i ein bil i Kvinesdal.

Sjå intervju med innsatsleiar i politiet, Bjørn Pedersen.

Kvinesdal

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %